hauge.jpg

Kristiansandaren Odd Harald Hauge er ein litterær handverkar i eliteklassen.

Odd Harald Hauge omslagsbilde.jpg

Kristiansandaren Odd Harald Hauge er ein mangslungen mann. I 2007 klatra han MountEverest, ein av hans mange dristige ekspedisjonar i fleire verdsdelar. I «Everest» nyttar han erfaringane frå 2007 til å skrive ein dramatisk thriller med eventyraren Martin Moltzau i sentrum. Eg nøler ikkje med å slå fast at han har skapt ein drivande spenningsroman, det var svært vanskeleg å legge vekk boka.Moltzau er eigentleg ingen fjellklatrar, men han er to gonger kåra til «Explorer of the Year», og har ein svært god sponsorkontrakt med Audi.Han let seg overtale til å kjøpe seg inn i ein kommersiell ekspedisjon med klatreikonet Sir Richard Lawrence som leiar.Utan å gå i detaljar, fjellklatrargruppa som skal erobre Mount Everest — med mellom andre to kvinner - fungerer sosialt dårleg.Di høgare opp gruppa kjem, di fleire farlege halvsanningar kjem opp i dagen.

Eg skal ikkje røpe meir av den konkrete handlinga, men la meg understreke at forfattaren heile vegen, både opp mot toppen av Mount Everest - og ned att - på ein overtydande måte, både direkte og indirekte, viser at han veit kva han skriv om.Når eit menneske passerer 8000 meter over havet, vil mangelen på oksygen litt etter litt sløve ned livsviktige funksjonar.Sjølv med tilgang til oksygen på flasker aukar faren for fatale feilsteg dramatisk.

hauge.jpg

Odd Harald Hauge er journalist med bakgrunn mellom anna frå Aftenposten, Kapital og Nettavisen, som han forresten var med på å etablere. Han er ein svært profesjonell skribent, og «Everest» er — som spennande thriller - eit overtydande prov på at han er ein litterær handverkar i eliteklassen. I tillegg til spenninga som dreiv meg frå side til side, er forfattaren frå Kristiansand oppteken av det eg vil kalle sponsorvanvitet.Forfattaren går også ganske langt i kritikken av sine journalistkollegaer.Endeleg, kinesiske styresmakter får så hatten passar, og sherpaene som alle ekspedisjonar er heilt avhengige av, får den anerkjenninga dei fortener.