Denne veven av hendelser vi kaller verden er eit modig romanprosjekt av ein gjennomskolert 27 år gamal debutant. Som ein raud tråd fungerer eit einaste hydrogenatom. Det er vitne til det som skjer i ein periode på over 1000 år, frå Grønland i 736 via blant anna Kina på 1600-talet, og fram til Cook-øyane på slutten av 1900-talet. Grovt sett er det tale om fem hovudhistorier. Historiane er ganske bisarre. I 1602 finn ein mann att kjærasten sin i Den forbudte by i Beijing. Han er kastrert — altså evnukk - ho er konkubine. Trass i at det er livsfarleg møtest dei om nettene, for å vere, skal vi seie, saman. Den italienske jenta, Isabella, møter vi på 1800-talet. Ho snakkar ikkje, verken som 2- eller 8-åring. Noko stemmer ikkje. Hydrogenatomet i papiret evnukken skreiv på har hamna ein stad i ansiktet til Isabella.Og, slik held det fram. Det heile er skuleflinkt, til tider er språket spenstig og enkelthistoriene er ikkje uefne. Eg tolkar både tittelen og oppbygginga av romanen som signal om at Simon Stranger vil gjere ein freistnad på å finne ut av kva røyndom er. Eg synst ikkje han greier det. Bjarne TveitenBOKForfattar: Simon Stranger:Tittel: DENNE VEVEN AV HENDELSER VIKALLER VERDENRomanForlag: Tiden