Lars Amund Vaage:

Den framande byen.

Ein roman om Wilhelm Reich

Oktober

At Lars Amund Vaage, etter suksessromanen "Rubato" ( 1996 ), skulle velje å skrive ein slags biografisk roman om Wilhelm Reich, overraska i alle fall meg. Freud-eleven, kommunisten, sexologen, psykoanalytikaren og jøden Reich var — for å seie det varsamt - spesiell. Hausten 1934 måtte han flykte frå frå Hitlers Tyskland, og kom saman med elskarinna si, Elsa, til Oslo. Der blei han til i 1939, då han reiste vidare til USA. Han hadde blitt invitert til Noreg av radikalarar som Øverland, Scheldrup, Raknes - og Sigurd Hoel. Flukta til Noreg og opphaldet i Oslo utgjer rammeforteljinga. I lange minneavsnitt får vi eit ganske breitt innsyn i bakgrunnen hans i Galizia, karri¿ren som soldat under 1. verdskrigen og seinare som lege. Vi følgjer han i møtet med Freud, opplever at han bryt med den gamle meistaren - og at han på 1930-talet misser det aller meste. Kommunistpartiet og den internasjonale psykoanalytikarforeininga kastar han ut, i det heile rasar det han har bygt opp saman. Freud bryt han altså med, og utviklar etter kvart sine såkalla "orgasmeteoriar". På 1930-talet var det ekstremt radikalt å føre til torgs at orgasmen var ein veg til menneskeleg frigjering. At han, i alle fall tilsynelatande, var så sikker på at han hadde rett, gjorde han ikkje mindre omstridd. Mange har, med ulike vinklingar, skrive om Reich. Vaage gjer i boka si ingen dårleg jobb, på mange måtar kjem vi til tider "under huda" på den svært samansette Reich. Forfattaren har lagt masse arbeid i å leite seg fram til fakta om Reich. Det han formidlar om tilhøvet til mora ( som tok sitt eige liv ), og til faren ( som døydde ikkje svært lenge etterpå ), verkar sterkt og ekte. Det haustlege, men lune møtet med Oslo er levande skildra. Likevel er det noko som skurrar. Slik eg, før eg las boka til Vaage, har lært Reich å kjenne, hadde han eit overordna mål med arbeidet sitt: å skape ein slags fellesskap av marxisme og psykoanalyse. Denne hovudtanken vert for meg nesten borte i dei lange, retrospektive avsnitta. Den Sigurd Hoel forfattaren teiknar eit bilde av, kjenner eg ikkje heilt att. Kanskje måtte det bli slik når det er Reich som Vaage let føre ordet? Vi veit også mellom anna at Hoel let seg behandle av Reich, og at det nesten enda i ein katastrofe. Heller ikkje dette synst eg Vaage lykkast med Dessutan er det noko med språket som ikkje stemmer. Wilhelm Reich var ein uhyre samansett personlegdom: sjarmerande og påståeleg, men også full av angst. Eg reagerer negativt på at ein slik mann formulerer seg så presist og velformulert. Med andre ord, har Vaage valt feil synsvinkel? Boka fyller nesten 390 sider, og sjølv om prosjektet til Vaage er interessant, meiner eg ei innstramming ville ha vore på sin plass. Bjarne Tveiten