Då regjeringa Per Borten sa nei til å bygge bykildammen i 1969, jubla det offisielle Bykle, naturvernarane og andre som var mot at kyrkjebygda Bykle skulle ofrast for å skaffe store mengder elektrisk straum. Godt over førti år etterpå kjem boka om dei 12 gardane og dei 50-60 menneska som måtte flytte frå heimane sine då den 21 meter høge dammen med Bossvatn blei bygd.

Store delar av boka skildrar eit harmonisk, godt lokalsamfunn — historisk, kulturelt og på andre måtar. Men etter kvart legg redsla for at Nordbygda skal bli neddemd seg som ei klam hand over dagleglivet. Holen er glad for at kyrkjebygda blei berga, men har sterke meiningar om lagnaden til heimbygda: "Dette er historia om Nordbygdi, bygdi som vart ofra og som sidan vart gløymd", skriv han, og hamrar laus på både Bykle kommune, Øvre Otra, Otteraaens Brugseierforening, naturverninteressene og andre.

Det er ikkje noko vakkert bilde han teiknar av kreftene bak utbygginga som begynte på 1970-talet, snarare tvert imot. Om erstatningsoppgjeret heiter det: "Eg vil ikkje nøle med å kalle det bondefangeri". Dokumentasjonen han presenterer verkar svært overtydande. Det må ligge eit enormt kjeldearbeid i botnen for boka. Den no pensjonerte legen skriv eit munnleg prega, litt konservativt nynorsk - som kler innhaldet.

omslag versjon 2013 (1).pdf