Forfatter: Cornelius von Jackhelln

Sjanger: Blogg-roman

Forlag: Pelikanen

«Germania» startar slik: «Was ist ein bü um icke eit Netzwerk af Gader strucket über Sand und Grus». Like spesielt som språket — ei blanding av bokmål, høgnorsk, dansk og tysk - er innhaldet. Forfattarens alter ego, Sturmgeist, vandrar bokstavleg tala gjennom Berlin, eller Germania, som han kallar byen.

Sturmgeist er også namnet på eit black metal band han spelar i. Tilfeldig? I tankane vandrar han i tysk historie, med hovudvekt på verdskrigane på 1900-talet. Nazisymbolikk er det mykje av, blant anna har boka undertittelen «Reichsführer» og «Heil, Germania.» avsluttar boka.

Eg er usikker på kva Jackhelln eigentleg vil med boka, men kanskje han rett og slett vil sette den moderne og kanskje ikkje så spesielle byen Berlin, der han bur, opp mot det dramatiske og fryktelege som har skjedd i Tyskland i fortida, styrt frå denne byen. Trenge litt djupare inn i det rot-tyske enn andre har gjort? I alle fall er Sturmgeist bergteken av det tyske, på godt og vondt.

Eg meiner å ha lese at Jackhelln i tillegg til musikken og litteraturen, også arbeider på ei doktorgrad i filosofi ved Universitetet i Oslo. Store delar av boka har eit visst essaypreg, så kanskje kan denne underfundige teksten lesast som eit forstudium i den samanhengen? I alle fall er det ei intellektuelt utfordrande bok som dessutan osar av ramsalt humor og svart ironi.

germania_front_kopi.jpg