I 2009 debuterte historikaren Tore Skeie med eit brak . "Alv Erlingsson: fortellingen om en adelsmanns undergang", fekk bokmeldarane til å juble og blei ein salssuksess. Alf Erlingsson enda livet på steile og hjul i 1290. I "Jomfruen fra Norge" er det Håkon Magnusson (Håkon den 5) som er norsk konge. I Sverige er det Birger Magnusson og i Danmark Erik Menved (den 6.). Både svenske— og danskekongen har upålitelege yngre brør, og når bror står mot bror - med våpen i hand - er det ikkje vakkert. Jomfrua, Ingeborg Håkonsdotter, blir som småjente bortlova til hertug Eirik, Birgers yngre bror. Rundt år 1300 var Noreg ei stormakt i Nord-Europa, og kong Håkon Nordens mektigaste mann. Det skulle endre seg dramatisk i løpet av dei neste 20 åra.

jomfruenfranorge.jpg

Dei 10-15 første åra av 1300-talet blir lagnaden til Noreg og det norske kongedynastiet avgjort. Det er ei historie om opprør, om drap, om heltemot, om svik. Tida er prega av vald, overgrep og plyndring av hjelpelause småfolk i alle dei nordiske landa. Den katolske kyrkja er etablert, med grådige tenarar. Gjennom 300 sider leier Skeie oss gjennom ein 10-15 år lang virvelstorm av opprør og fred, krigar og brannskatting. Kongane rekrutterer profesjonelle krigarar, først og fremst i Tyskland. Riddarideala blant overklassen finst berre som eit ytre skal . Det Skeie skildrar er den brutale sanninga om ein privilegert overklasse som ikkje skyr noko middel i kampen for å fremje eigne interesser, både økonomisk og sosialt. Småjenter som blir kynisk nytta i kampen om kongemakta "jomfruer" under ti år er også ein del av bildet.

Det som imponerte meg i boka om Alv Erlingsson var overblikket forfattaren hadde over handlingsgangen, og evna til å fortelje ei spennande historie. Overblikket har Skeie også i andreboka si, men likevel kladdar det denne gongen. Persongalleriet er stort, og sjølv om forfattaren har laga eit personoversyn og ei slektstavle, er det krevjande å halde styr på alle personane. Alv Erlingsson var ein markant og psykologisk spennande personlegdom. Eg synst ikkje nokon av dei sentrale mennene i denne boka er det. "Alv Erlingsson: fortellingen om en adelsmanns undergang" var ein "page-turner", det er ikkje "Jomfruen fra Norge", i alle fall ikkje i same grad. Det skuldast at forfattaren ikkje har plass nok til å gå heilt nær innpå personane. Oftast synst eg at mange forfattarar brukar for mange ord, at ei innstramming kunne gjere godt. Dette er eitt av få eksempel på at fleire sider kunne gjere nyansane klårare.

Men, "Jomfruen frå Norge" er ei god historisk forteljing om ein lagnadstung epoke i norsk og nordisk historie. Kvifor ikkje skrive om den epoken som er Kristin Lavransdatters tid som vaksen kvinne, ei alternativ historisk framstilling av tida fram til Svartedauden, Skeie?