Nidstangen.jpg

«Nidstangen» er den første boka i ein planlagd serie på ti barnebøker i fantasy-sjangeren. Hovudpersonane er brørne Viggo og Alrek som bur i den vesle byen Mariefred i Sverige. Dei har hatt ein rufsete barndom, og bur ikkje lenger hos mamma. Viggo er langfingra, og kjem stadig opp i bråk. Men, alt på første tekstside møter vi mørkekreftene som har blitt vekt til live i byen, ein hårlaus liten skapnad med flat skalle og svarte, små augo. Tida pulserer , vonde krefter dukkar opp etter kvart. Viggo og Alrik er valde ut til å halde vakt i det gamle, hemmelege biblioteket. Dei gamle bibliotekvaktarane synst dei er for unge, men utan å seie korleis, det blir dei to som får oppgåva. Det blir i dramatisk, og dei må bruke alt dei har av kløkt for ikkje å gå til grunne. På skulen er det også problem. Simon er ein slags «alfahann» som hersar med alle, og lenge greier å halde seg inne med lærarane. Det går særleg ut over Viggo.

Forfattarane har god greie på norrøn mytologi, har lese Snorre og J.K. Rowling med utbytte, og krydrar handlinga med idear frå desse. Åsa Larsson har skrive fleire krimbøker for vaksne, og veit å halde spenninga på topp også for ti-tolv-åringar. Plottet er ikkje spesielt originalt, men det fungerer ganske greitt, og eg trur nok boka vil falle i smak hos mange, unge lesarar. I dag skal ein kanskje helst ikkje skrive slikt, men eg gjer det no likevel, eg trur at gutar, meir enn jenter, vil kaste seg over boka om dei to brørne.

Ein skal vel ikkje vente altfor mykje av personskildringane i ein roman av denne typen, men eg synst det er rart at ein så røynd forfattar som Åsa Larsson ikkje har skapt meir heilstøypte personar av Viggo og Alrek. Eg kan ikkje sjå dei for meg, dei var, er og blir, nærast stereotypiar i mine augo.

Til vanleg har eg ein ufråvikeleg regel når eg omtalar ei bok: Eg les ikkje kva andre har meint om ho. Her har eg gjort eit unntak; dvs. eg har lese fleire omtalar i svenske media, og eg stiller meg litt undrande til den nesten unisone og nasegruse beundringa. «Nidstangen» er ei bra barnebok, men langt frå noko eineståande bok. Ingela Korsell er pedagogisk forskar og det pregar boka. Ho inneheld mykje god, pedagogisk tilrettelegging.