På plata spelar Paul Sveinall på ein kopi av Sangeslandfløyta frå første halvdel av 1600-talet. Foto: Torgeir Eikeland
Hallvard T. Bjørgum skryt av prosjektet. Foto: Odd Inge Rønning Uleberg
Paul Sveinall (t.v) er glad for at Gard Nergaard ville følgje i dei musikalske fotspora hans.

— Det er ofte eg har lurt på kva eg eigentleg driv med. Det er ufatteleg kor mange slåttar som finst i hovudet til Paul, ler Gard Nergaard (22).

Han sit i det gamle bedehuset på Sveinall ved Laudal. Huset er ominnreidd til musikkstudio. Her budde Nergaard vekesvis i eit kvistrom mellom juni og desember i fjor. Målet var å rekonstruere og spele inn så mykje som mogleg av musikken som i mange år berre har overlevd i minnet til Paul Sveinall (77).

— Eg truga Gard til å vere med på dette prosjektet da han var ti år, seier Sveinall.

— Truga?

— Hehe. Ja, eg hugsar det som det var i går. Eg stilte meg framfor deg på stien og spurde om du ville vere med og redde musikken frå Mandalen. Heldigvis sa du ja, for ellers hadde eg vorte gåande og vera sur, humrar Sveinall.

Gløymt musikk

Den unge Nergaard frå Øyslebø var eit klassisk skolert fiolintalent då dette skjedde, men snart var han i gong med å gjere arkivopptak av og lære slåttar som Sveinall hugsa. Fleire av dei har Paul sidan gløymt.

Men no kjem altså dobbelt-CDen «Seint var det om kvelden» med 55 spor og eit teksthefte der Sveinall fortel om tradisjonen, spelemennene og slåttane. Plata er finansiert med mykje dugnad og til saman 155.000 kroner frå Norsk kulturråd, Marnardal kommune med fleire. Utgjevar er Etnisk musikklubb, og opptaka er gjort i bedehuset med Gard Nergaard som musikalsk leiar.

Bakevje

— Det var i si tid spelemannen Søren Aukland som bad meg ta vare på den gamle musikken. Det som no har skjedd kallar eg eit middels mirakel, og det hadde aldri gått utan Gard, seier Sveinall.

Svært få av melodiane er innspelte eller tekne vare på tidlegare. Mandalen med dalføret gjennom Marnardal og vidare opp mot Åseral har lenge vore rekna som ei folkemusikalsk bakevje, og det er lite kjent at dette området ein gong hadde ein sterk musikktradisjon. Dei rike gardane her trekte til seg mange spelemenn, og gjorde også dalen til ein viktig møteplass.

Umoderne

På plata spelar Paul Sveinall på ein kopi av Sangeslandfløyta frå første halvdel av 1600-talet. Foto: Torgeir Eikeland

— Feletradisjonen går attende til tidleg 1700-tal då fela gjorde sitt inntog her. Likevel har nok det eldre materialet røter enda lenger attende. Sidan kom det i åra rundt 1800 sterke impulsar frå europeisk musikk, og midt på 1800-talet fekk vi ei svært rik periode med stor nyskaping, seier Nergaard. Så kom pietismen på 1800-talet der spel og dans vart rekna som synd, i tillegg til at folkemusikken snart var rekna som håplaust umoderne.- Sidan kan du seie at tradisjonen har lege i dvale, seier Gard Nergaard.

I fjor reiste han heim frå Lilongwe i Malawi fordi det brann i han etter å fullføre arbeidet. Fleire av instrumenta som er brukt kjem i stor grad frå lokale felemakarar, og Nergaard har for det meste brukt «Røstadfela» som vart reparert av Gunnar Røstad i 1928. ## Svartefela

— Gard har sidan gifta seg med denne fela, for det var kjærleik frå første stund, seier Sveinall. Med på innspelinga er også den berykta Svartefela frå rundt 1820. Det skal være ein vond ånd i denne fela, slik at ho alltid førde med seg slåsting og ufred. I eit bryllup i Øvrebø i 1851 vart fela knust og spelemannen drepen. Fela vart restaurert i 2008, men Sveinall er redd for instrumentet:

— Eg kunne ikkje ha ho heime, for det var mykje som ikkje gjekk bra når eg hadde ho i hus. Derfor har eg lagra ho i ein bankboks der ho ikkje kan gjere nokon skade, seier han.

Vibrasjonane frå gamle dagar har også vore merkbare for Nergaard:

— Det gjorde mykje for meg å sitja her midt i eit område kor mange av dei gamle spelemennene budde, og kor mykje av musikken stammar frå, seier han.

«Me gniga for okke sjel«

Herfrå ser han opp i Åsehei der huldrebryllupet frå «Aller var eg glad» fant stad. Eller han kan gå til Svardalsglipa der jenta i «Svardalsbrura» vart bergteken.

— Det som kjenneteiknar mykje av musikken herfrå er at han er så melodiøs, seier Sveinall. Han vaks opp under krigen, og var son av spelemannen John P. Sveinall.

— Musikken overlevde i den private sfæra, for ute ville dei ikkje høyre han lenger, seier Sveinall. I heftet som følgjer med utgjevinga beskriv han korleis dei gamle spelemennene snakka om det som hende:

«Det va ingen som ville ha okkå felespil meir, og så sad me der og gniga for okke sjel». Denne gniginga var Paul svært ofte øyrevitne til, då fem-seks spelemenn sat i timesvis på tamp og lærde kvarandre slåttar.

Puristane

Paul Sveinall (t.v) er glad for at Gard Nergaard ville følgje i dei musikalske fotspora hans.

— Eg har eit rimeleg godt musikalsk minne, men det kan gå veldig seint, seier Sveinall.- Paul kan ringe meg seint på laurdagskvelden og fortelje at han har komme ihug ein slått. Og så kan det kome eit takras av tonar som eg bruker mykje tid på å setje saman til noko eg tykkjer høyrest rett ut. Eg kunne sitje i dagevis åleine her på bedehuset før eg følte at eg kom inn til beinet i mange av melodiane, seier Gard Nergaard.

Denne måten å «restaurera» musikken på er ikkje i tråd med den vanlege måten å tradera folkemusikk på, og Sveinall har halvt venta å verte «hengd» for det av puristane i folkemusikkmiljøet.

Gidd ikkje

— Skulle vi gjort det på den «rette» måten med rein kopiering kunne vi likevel berre lagt det i eit arkiv. Eg har ikkje gjort anna enn det spelemenn til alle tider har gjort: Å gjera det beste ut av det ein har. Dette er levande og ubroten tradisjon, og med dette blir eg ein del av tradisjonen, seier Nergaard.

— Mottoet vårt har vore «Det venaste er det beste». Det var dette Myllarguten svara då han vart spurd om kvifor han aldri spela ein slått likt to gonger, seier Sveinall.

— Eg driv ikkje med dette fordi det er «interessant» musikk, og heller ikkje eigentleg for å vera nokon kulturbærar. Eg gjer det fordi det er skikkeleg bra musikk. Eg er 22 år gamal, og eg gidd ikkje bruke tida på noko eg ikkje sjølv tykkjer er bra, seier Nergaard.

Torsdag 27. august held han konsert på Sjøboden i Mandal, og helga etterpå er det offisiell platesleppkonsert på Nordsjøfestivalen i Farsund. Der opptrer både Gard, Paul og Renate Heggland.

«Ein betydeleg prestasjon»

Hallvard T. Bjørgum skryt av prosjektet. Foto: Odd Inge Rønning Uleberg

— Det er eit lykketreff at Paul Sveinall har møtt talentet Gard Nergaard, og det er likeeins eit lykketreff andre vegen. Det er ein betydeleg prestasjon og arbeidskapasitet som ligg bak gjenskapinga av musikken, og resultatet er svært godt. Nergaard er ein stor utøvar allereie no, og han syner god toneføring, seier Hallvard T. Bjørgum. Spelemannsnestoren frå Valle har latt seg imponera av både tekstheftet og innspelingane på «Seint var det om kvelden».- Denne typen arbeid med å samle inn og take vare på folkemusikk har gått føre seg på ulike tidspunkt ulike stader i landet. Her i Setesdal gjorde Knut Jonsson Heddi det for 150 år sidan, og i Nordland har Susanne Lundeng gjort mykje av det same, seier Bjørgum. Han har ikkje tidlegare sett seg inn i folkemusikk frå Mandalen.

— Far min (Torleiv Bjørgum) fortalde at utøvarane frå dette området ikkje var så mange, og at dei ikkje var så dyktige, og dette passar godt med det Sveinall refererer til i heftet, seier Bjørgum.