Alexander N Wilken omslag.jpg
Alexander N Wilken omslag.jpg

Sørlandsk akademiker med pseudonym: Greitt krimplott, men filosofen får for mykje plass .

Alexander N Wilken omslag.jpg

Mens den internasjonale suksessforfattaren og journalisten Tellef Bekk er på ferie i Aust-Agder, blir han brått sjuk og døyr etter kort tid.Ein fæl død.Ein ven, professor Geir Grovendal, trur han er myrda med ein ny type nervegass som angrip hjernen. Grunn: han visste for mykje om forhold mellom politikarar, kjeltringar og personar med mykje pengar. Grovendal kontaktar ein tidlegare samarbeidspartnar, nevrologen Kathleen Mac-Duff, skotsk-amerikansk, tøff dame, som han har samarbeidd med tidlegare.Båe har store, ressurssterke nettverk rundt i Europa generelt, og i Aust-Europa spesielt. Her må eg skyte inn at forfattaren i 2009 gav ut «Arcanus-papirene», ei bok eg ikkje har lese. Men fleire stader i «Apokalypse alt no?» blir det vist til denne boka, det gjeld mellom anna Den Bleke Damen, eit kvinneleg monster.Det går til tider hardt for seg, svært hardt. Tellef Beck er ikkje den einaste som misser livet på grufullt vis.

På framsida av omslaget siterer forlaget Kjartan Fløgstad: «Når realiteten innhentar fiksjonen.Grenselaust fiktivt og verkeleg.»Fløgstad må altså ha vore konsulent på boka, og det han skriv er treffande.Forlaget opplyser dessutan at: «Alexander N. Wilken er et psevdonym. Forfatteren bruker dette navnet for å markere avstand til sitt eget essayistiske og fagfilosofiske forfatterskap.»

For å seie det slik , plottet er ikkje spesielt originalt, men faktisk ganske bra i botnen. Men filosofen — og delvis også essayisten - er i for høg grad til stades i thriller-teksten hans.Eg plar å gå gjennom utgjevingsplanane til dei store forlaga, og «Apokalypse alt nå?» var ikkje på lista over bøker frå Gyldendal våren 2016.Boka berre dukka opp, ganske uventa.

Det blir for mange og lange filosofiske utgreiingar i det som forlaget kallar «En politisk thriller». Som kriminalroman gjer dette boka ei bjørneteneste.Forfattaren, kanskje ein person med professor - eller amanuensistittel ved UiA? har - alt i alt - skrive ein grei internasjonal roman, men som krim blir boka for filosofisk prega.