Forfatter: Knut Nærum

Sjanger: Humor

Forlag: Cappelen Damm

Rett skal vere rett, eg lo godt av og til. På sitt beste er Nærum ein treffsikker satirikar med ei eiga evne til å sjå det komiske i nesten alt og alle.

Og mangt og mykje er med: Hans Olav Lahlum (språket), Jon Michelet (faktamengdene i dei siste bøkene), Dag Solstad (nybrottsarbeid i romansjangeren) osv. Dei fleste innslaga er korte — lengst er eit vel 40 sider langt filmmanus om Thor Heyerdahl og «Kon Tiki». Eg trur ikkje eg så mykje som smilte ein einaste gong. Betre er eit par av teikneseriane, medan vitsar ev denne typen ikkje imponerer meg: «Jeg kaller ingen for «neger» hvis de ikke liker det. Eller hvis de er hvite». Svar på retoriske rockespørsmål glitrar heller ikkje akkurat: «Have I told you lately that I love you?» Svar: «Ja, men du var full».

Fleipen med Angela Merkel (om dei økonomiske vanskane i EURO-landa) er underfundig - faktisk noko av det beste i denne boka. Brodden er både tydeleg og skarp. «En guide til norske tankesmier» har noko av den same brodden. Geipen med «Trygdekontoret» er heller ikkje så aller verst, men ein ventar mykje av ein satirikar i Nærums divisjon - og sett under eitt held dette ikkje mål. «Game of Thrones» og «First House» verkar også litt bleike - den bitande, satiriske snerten manglar dessverre.

Samla sett, «Æ» er ikkje Knut Nærum på sitt beste - det manglar faktisk ganske mykje på det.

KNUT NÆRUM BILDE.jpg