hovden58.jpg Foto: Torgeir Eikeland
hovden93.jpg Foto: Torgeir Eikeland

— Ja, det var litt å ta tak i, smiler instruktør Alex Scherpf før showet tek til i Hovden grendehus. Han er den nye instruktøren i Hovdenrevyen som har 28 år med tradisjonar å sjå attende på. Den tidlegare teatersjefen på Agder Teater har brukt to helger i bygda oppunder fjellbandet til å instruera ein trupp på ti amatørskodespelarar.

Dei fleste av dei 176 stolane i grendehuset var opptekne då den populære revyen drog i gong, og det er godt sal på dei fire andre forestillingane som er sette opp over denne og neste helg. Bygda med 950 innbuarar stablar kvart år på føtene ein revy, og i år var det 35 stykke som stilte opp på dugnaden.

Miss Hylestad

Slik ein god lokalrevy skal, tok Hovdenrevyen tak i personar og hendingar ein er nødt til å vere innfødd for å skjøne. Men noko er også sjølvforklarande, slik som til dømes "Miss Hylestad" spelt av Yvonne Benjamin Hall.

Med vel utbygd dialekt og frontparti fnyste ho seg gjennom ei mengd friske karakteristikkar av dei komande konkurrentane sine.

— Dei ser ut som broytestikker i høge hælar, ropte ho. Salen låg ganske flat i lått både gjennom dette og mange av dei andre numra.

Målsaka

Sjølvsagt fekk Bykle-ordførar Jon-Rolf Næss gjennomgå for vinglinga i målsaka det siste året. Det var Bjørn Josefsen som sytte for den vellukka ordførarparodien, og snart fekk han selskap av Ronja Langset i rolla som eks-ordførar Kai Jeiskelid.

Tom Are Strømsvik gjorde elles ei rad meir eller mindre diabolske roller, mellom anna som mafiabossen som vil legge under seg heile Hovden.

I nummeret "Leger uten grenser" vart legeutvekslinga mellom Valle og Bykle sett grundig på kartet, og "Frida fra Frogner" var skigymnasiasten som hata nynorsk spelt av Inger Lise Næss.

Dette og mykje anna var tonesett av eit åtte personar sterkt revyorkester leidd av kapellmester Magnus Tveiten. Gitarspelet hans på solonummeret "Hot Wire" var noko av det meir profesjonelle ein fekk høyre i grendehuset fredag kveld.

Fleire av poenga skal vi ikkje røpe her. Det skal vere rift om resten av billettane.