I det oppdikta landet Diluvia, med hovudstaden Barathrum, har borgarkrig herja i vel tre år, mellom aust— og vestdiluviafolka. Språkprofessor Contumax har blitt ølkneipevert og fanatisk oppteken av ein urspråksteori. Etterkvart slår han seg saman med 13 år gamle, ekstremt intelligente Nova, som leiter atter far sin, Plago. Plago er - alt etter kven som blir spurt - sjølve helten / sjølve skurken i krigsspelet. Sentral i handlinga er også venen til Contumax, den permitterte gartnaren, ein kraftkar. Frå sirkus Lychnobius har forfattaren henta tittelen, Knekk nakken, min venn, som er sirkusslang for lykke til. For å gjere forvirringa total, kjem også ein journalist med skrivesperre etterkvart inn. Det kunne ha vore artig å spekulere rundt namna på person- og stadnamna i romanen, men plassen tillet ikkje det.

Grunnleggande analyserer forfattaren årsakene til krig, høgtidleg uttrykt, Det vondes problem. Forfattaren er journalist, og viser at han er oppteken av det formelle. Romanen er strengt og medvete bygt opp. Med andre ord, midt i det absurde styrer Nicolai Houm handlinga etter strenge, litterære køyrereglar. Heilt konsekvent vert det i romanen berre stilt spørsmål, ikkje gjeve svar. Det tvitydige er heilt gjennomført.

Nicolai Houms roman er ein gjennomarbeidd debutroman: dyster, destruktiv, skræmande - og fornøyeleg.

Bjarne Tveiten

BOK

Knekk nakken, min venn

Forfattar: Nicolai Houm

Roman

Forlag: Tiden