VALLE: Forutan musikkinnslag var det mykje interessant å sjå rundt om på veggane. I fjor haust blei det starta opp eit kurs i måling, teikning og andre aktivitetar.— Deltakarane satsapå måling og teikning i vinter, men det kan nok og bli skulpturelle ting til hausten. Kurset var fullteikna frå første dag med åtte stykker. Fem av dei stilte ut i Ungdommens Kulturmønstring, og to - Lene Ødeskau og Hege Jore - kom vidare til fylkesfinalen, fortel lærar Gunnar Hillestad.Medan den yngste gjekk i sjuande klasse, var eldstemann i femti-åra. Det er nokre svært unge som har søkt på kurset til hausten, og då kan det vere aktuelt å dele opp i to aldersgrupper.- Dette var eit prøveprosjekt i år. Og det blei så godt motteke at politikarane har gjort dette til ein fast del av tilbodet, fortel Gro Aarum Kikut.