Å finne deg igjen møter vi den norske skribenten Isolde på veg til Algerie, nærare bestemt byen Ain Sefra, for å besøke grava til Isabella Eberhardt, ei kvinne eg-personen ser opp til. Ho skal skrive om denne spesielle kvinna som kledde seg i mannsklede, konverterte til islam, og i det heile, var ei svært spesiell dame På vegen finn ho fram til hjelpearbeidaren Benoit. Dei hadde eit sterkt kjærleiksforhold tre år tidlegare, og Isabella vil prøve om det er muleg å oppattfriske kjærleiken. Ho møter Benoit, men akkurat som venta vert det ikkje. Rundt byen ulmar opprøret, og forfattaren bruker dette som eit slags spegelbilde også av forholdet mellom Isolde og Benoit. «Størst av alt er kjærleiken,» heiter det, og slik er det også i denne romanen. Dei to kvinnelege hovudpersonane er rastlause, dei går med ei slags redsle inni seg for å bli såra, men samstundes er dei sterke og sjølvstendige.

Å finne deg igjen kan lesast som ein hyllest til det å reise, det å vere på vandring — både fysisk og mentalt. Det vanskelege og motsetnadsfylte tilhøvet mellom dei lokale opprørarane og hjelparane som kjem utanfrå, står også sentralt.

Personleg synst eg framleis at debutromanen Til Kabul faller er det beste skjønnlitterære verket til Eide. Lenge trudde eg Å finne deg igjen skulle overta. Utan å gå nærare inn på det, for meg øydela slutten eit elles godt inntrykk.

Bjarne Tveiten

**BOK

Å finne deg igjen**

Forfattar: Elisabeth Eide

Roman

Forlag: Gyldendal