KRISTIANSAND: — Folk som driv med poesi utfører eit grunnleggjande arbeid i høve til språket. Men poesi blir lese av svært få og er slik sett eit håplaust medium, innrømmer den høgt akta diktaren frå Songdalen.

Der bur han, Paal-Helge Haugen, og kona Yngvil Molaug. Der har dei budd i svært mange år, så lenge at ein vel må seie dei er songdøler. Han har til og med fått sin eigen park i kommunen, Paal-Helge Haugen-parken. Og der blei den nye kommune-eika planta så seint som i fjor.

Elles er han setesdøl, ein nokså urban setesdøl får ein vel seie. Og bestefar. Sekstiårsjubilanten møter til intervju i ganske vanlege klede, men høgrehanda er smykka av eit vel fargerikt armband, små plastikkdiamantar tredde på snor av ei jente på fem, barnebarnet Anne Marie.

— Eg fekk det mot ein lovnad om aldri å ta det av. Og den held eg, seier Paal-Helge Haugen.

Den travle mannen har institusjonalisert samveret med barnebarna. Ein dag i veka er heilag. Då får det ikkje hjelpe om noen vil ha han til eit viktig møte i Oslo. Bestefar er oppteken på anna hald.

— Det er lenge sidan du har gjeve ut ei bok. Likevel renn det tekstar av handa di heile tida, tekstar til kunst av Barbro Raen Thomassen, diktet «Sekel» til Olavsdalen til sommaren, ein tekst i serien «Metaforenes tyranni» til 2005-seminaret på Høgskolen i Agder i juni, song-verket «Kyst» til Ny-Hellesund, operaen «Den grøne riddaren» som hadde premiere for eit år sidan, «Søster song» til Olavsdalen og «Pilegrimen» til Finsland kyrkje og operaene «A», «Hertervig» og «The maid of Norway» og mykje meir.

— Eg tenkte du ville spørje om det. Det snodige med livet er at det går ikkje å planlegge det. Så mye er blitt heilt annleis enn eg tenkte. Eg var så viss på at min måte å arbeide på var å planlegge på lang sikt. Det tenkte eg då eg i 1986 skreiv den første boka mi, «Anne - ein punktroman». Det underlege er at den boka sidan aldri har vore ute av sirkulasjon. Det er ekstremt. Bøker er ikkje slik. Eg har mista talet på opplag. Går det tomt, så kjem det eit nytt opplag med det same.

Eg var 23 år då eg skreiv ho, og eg tenkte at dette skal et halde på med, skrive prosa og poesi som tar fatt i grunnvollen for kva romanen er. Eg ville jobbe med romanens styrke - dei lange linene, og med poesiens sterkaste side - det punktuelle. Jobbe med punkt og line - som Jan Erik Vold sa det ein gong.

Men, utan at eg hadde planlagt det, så blei eg tatt av poesien. Så blei det ei heil stripe med diktbøker. Og så, på nytt utan at eg hadde planlagt, skjedde det noko tilsvarande for 10-12 år sidan, seier han, og tar sats:

— Eg har alltid hatt nær kontakt med andre kunstartar. Startpunktet var samarbeidet med Kjell Nupen om prosjektet «Horisont» i 1986. Vi drog til Paris med eit budsjett og utan å vite kva vi ville. Men vi visste godt kva vi ikkje ville. Eg likte godt samarbeidet med ein biletkunstnar.

Få år etterpå tenkte eg at det hadde vore moro å skrive operatekst. Eg var opptatt av samanhengen mellom lyd og ord, musikk og ord, og samtidsteater. Ein gong i livet ville eg skrive ein opera, tenkte eg.

Nå er det blitt fem. Og det blir kanskje ein til, seier han, utan å gå nærare inn på det.

Han gir ei levande skildring av arbeidsprosessen med ein opera, av møtet med komponisten. Deretter om det å vende tilbake til einsemda ved skrivebordet, for så å møte ein hærskare av alle slags yrkesgrupper når operaen skal få form i teaterhuset.

— Opera er så vanvittig dyrt at du må vere litt galen for å drive på med det. Eigentleg er det ikkje plass for dette i Noreg - utan tradisjon som vi er. Denne fasen av samarbeid, som kan vare eit heilt år og som gjeld ein bataljon av menneske - ein blir hekta av det. Eg er på avvenning nå og er på full fart tilbake til boka, seier han.

Opphaldet frå boka og avvekslinga med opera, som skulle vare eit år, blei til 12 år.

Paal-Helge Haugen er på ulike vis engasjert i samband med hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga. Mellom anna har han skrive teksten «Sekel» som skal urframførast i Olavsdalen i Søgne i sommar, til musikk av Bjørn Kruse. Og han er beden om å skrive tekst til eit prosjekt saman med kvedaren Kari Røynlid, spelemannen Vidar Lande og jazzbandet Christian Wallumrød kvartett til Punkt-festivalen, Jan Bang og Erik Honoré sin festival som skal gå i sommar i Kristiansand, støtta av Noreg 2005. — Slike feiringar skal ein bruke til å gjere det ein har lyst til å gjere. Eikvar slik markering har berre meining av di det gjev oss tid til å stoppe opp og tenke. Kva slag nasjonalisme eksisterte i 1905, og kva slag nasjonalisme har vi i dag? Det er eit spørsmål vi må tenke over i staden for å la 17. mai-talane dure vidare. Kva rolle spelar nasjonen i eit samfunn som er så omdanna som vårt, i ei utvikling vi berre aner byrjinga på. Vi kan bruke hundreårsmarkeringa til å tenkje over tida i dag - og i morgo. Resten må vi overlate til historikarane.

— Og korleis kjem poesien inn her?

— Folk som driv med poesi driv eit grunnleggjande arbeid i høve til språket. Eg har skrive ein artikkel som skal vere med i seminaret «Metaforenes tyranni» på Høgskolen i Agder til sommaren. Der skal vi sjå på alle dei dekkoperasjonane som skjer i språket i dag. USA er sjølvsagt lengst kome, dei har drive dette til ein slags svartekunst. Demokratane trudde på fakta, republikanarane vann valet gjennom dei enkle slagordas hegemoni. Difor er språk dødeleg viktig, seier han, og kjem med norske døme:

— Ta berre bruken av orda reform og modernisering i norsk politikk i dag. Ein kan gøyme mye bak slike ord, og bruken av dei gjer noe med måten vi tenker på, seier han, og kaller det eit «språkleg hjuksemakeri» som eksisterer på den motsette sida av poesien, som ytterpunkt på kvar side av ein akse.

— Poesien stiller spørsmål ved det meste og har ikkje faste løysingar. Hvis ikkje vi klarer å ta vare på språket som tolkningsinstrument, blir vi gåande i eit skuggeland der omgrepa tar over. Det er viktig at det finst motkrefter mot den automatiserte språkbruken. Det er det politiske aspektet ved poesien. Å ytre seg kritisk mot begrepsbruk i samfunnet i dag er noe av det mest politiske ein kan gjere, seier han.

I artikkelen til seminaret Metaforenes tyranni har han skrive eit essay der han analyserar bruken av ordsamanstillinga offentleg sektor, ord han meiner i sterk grad er med på å forme måten vi tenker på.

— Så spørst det kven som er sterkast, kreftene eller motkreftene. Bibelen har så mange vidunderlege bilete, og eit av dei er om David og Goliat. Goliat er transnasjonal finansmann, han sit i styret i verdsbanken og får alle dei beste kontraktane. Det er berre å håpe at David ein dag får tak i den gode spretterten, før Goliat styrter oss ut i økologisk og økonomisk kaos, sier han.

Han fortel om eit nytt ord han nyleg fann i ein artikkel av Naomi Klein, forfattaren av No Logo og globaliseringsmotstandar. Ordet er katastrofekapitalisme. Det skildrar det som skjer etter tsunamien. Alle dei gamle landsbyane ble feid vekk. Inn kjem så dei store multinasjonale hotellselskapa og monopoliserer strendene.

— Det er berre å vente på at nokon privatiserer sola. Det er jo for gale at vi skal kunne ligge og sole oss på stranda utan å betale for det. Fantasien er stor, så ein dag klarer dei kanskje å privatisere sola, seier Paal-Helge Haugen.

FAKTA:

Paal-Helge Haugen, fødd i Valle i Setesdal 1945

Studerte medisin ved Universitetet i Oslo 1964-70. Medlem av redaksjonen i Profil 1965-67. Gjennombrot med punktromanen Anne 1968. Har sidan gjeve ut romanar, diktsamlingar og diktutval, omsett til om lag 20 språk. Har samarbeidd med ei rad andre diktarar, biletkunstnarar og komponistar.

Har skrive oratoriet Ei natt på jorda, urframført i Kristiansand 1993, Pilegrimen, urframført i Finsland kyrkje 1994, Vindsalme for dei døde, urframført på Lindesnes 1995, Kyst urframført i Ny-Hellesund 2003, operaen Den grøne riddaren, urframført i Kristiansand 2004. Har motteke ei lang rad prisar og vore nominert til Nordis Råds Litteraturpris.

Aktuell nå: Fyller 60 år tirsdag 26. april.