BOK

Forfattar: Jan Chr. Næss

Forlag: Gyldendal

Bra bok, men manglar det vesle ekstra

Ein aprilkveld plukkar kornbonde og forfattar Ravn opp ei ung japansk jente på riksveg 123. Møtet med jenta, Akasuki, som har vakse opp i ein diplomatfamilie, verkar som eit lynnedslag. Ravn køyrer henne til Oslo, mens han lurar på kva i all verda ho hadde å gjere på ein aude landeveg i indre Østfold. Ho jobbar på Nasjonalgalleriet. Ravn leitar ho opp i Oslo, dei et middag, etablerer eit forhold. For – Akasuki fell for Ravn, men hennar kjærleik er ikkje så enkel som hans. KG, den tidlegare ektemannen til Akasuki, døydde brått på mystisk vis. Akasuki ber i seg krefter – både gode og vonde. To vietnamesiske vener, Hai Duc og Ba Cong, er villige til å gjere kva som helst for henne. Ravns næraste ven, den magre, uflidde Knut, opplever frå første stund Akasuki som ein inntrengar, ei som vil ta plassen hans hos Ravn.

Månevendt er ein roman om intens kjærleik, om ei sterk kvinne med magiske evner, og om ein langt svakare mann. Det er også ein roman om møtet mellom ei kvinne som har budd mange stader over heile verda, og ein norsk kornbonde. Forfattaren har humoristisk sans, og det var ikkje fritt for at eg gliste iblant. Språket flyt greitt, men det vibrerer ikkje slik eg skulle ha ønskt det hadde gjort – i ein så intens kjærleiksroman. Leseverdig ja, men eg synst romanen manglar driv og skikkeleg temperatur. Bra bok, men manglar det vesle ekstra som gjer at ho skil seg ut.