Forfatter: Caterina Cattaneo

Sjanger: Ungdomsroman

Forlag: Gyldendal

Live skal på interrail, og København er første stoppestad. Før avgang møter ho Robert som fortel at ho er på toget til Trondheim. Han er så kjekk at ho spontant bestemmer seg for å slå seg saman med han. Ho har mist søstera si på tragisk vis og føler at veninnene har svikta. Ho anar at ho endeleg er på veg mot noko positivt.

Men så snublar ho og Robert tilfeldig over noko som omkalfatrar alt. I ein bil oppdagar dei – nei eg skal ikkje røpe kva, men resultatet av funnet blir litt etter litt svært dramatisk. Berre eit par faktisk opplysning til, malstraumen som tittelen varslar om, har dobbel tyding. Den eine konkrete er Saltstraumen i Lofoten, den andre er handlingsmønsteret som utviklar seg. Forresten, 22. juli 2011 spøker også ein stad i bakgrunnen?

Forfattaren har snekra eit, stort sett, truverdig og svært spennande plot. Robert (som betyr lysande heider eller ry), gjev Live ny tru på LIVET. Med store bokstavar. Vi kjem tett innpå Live, men Robert er meir overflatisk teikna. Humoren, ofte ganske svart, fekk meg ofte til å humre.

Forlaget presenterer boka som ein ungdomsroman, og den sjangernemninga aksepterer eg. Men, 72 år gamal, og godt vaksen lesehest, hadde eg problem med å legge boka frå meg. Det seier også noko om denne romanen, i alle fall meiner eg det.

Malstroem omslagsbilde.jpg