Forfattere: Sigbjørn Mostue & Johnny Brenna

Sjanger: Krim

Forlag: Cappelen Damm

Etter kritikarroste «Operasjon Helena» og «Operasjon Fønix» held spanarserien til Sigbjørn Mostue og Johnny Brenna fram med «Operasjon Hydra».

Ein ung, jødisk gut blir køyrt ned og drepen. Ein kvinneleg Krf-politikar blir brent inne. Etter kvart kjem fleire blodige anslag, der ein muleg fellesnemnar er norsk midtaustenpolitikk. Spanaren Axel Th. Munthe blir sett på saka, og saman med blant andre PST, saumfer han ekstreme grupper, politiske og religiøse og båe delar, men lenge nesten i blinde, før det heile endar i eit marerittliknande klimaks. Samtidig har både hovudpersonen og Tobben, makkeren hans, store personlege problem.

«Operasjon Hydra» er solid litterært krimhandverk, forfattarane jagar oss gjennom sidene. Det går iblant hardt for seg, men forfattarduoen spekulerer ikkje i utpensling av grufulle detaljar. For meg var hovudpersonen Axel ukjend, men etter å ha lese denne boka, synst eg at eg kjenner han ganske godt. Personskildringa av han er betre enn i mange krimbøker.

Språket flyt lett, og eg fekk den eine aha-opplevinga etter dan andre. Løysinga, på sjølvaste 17. mai, var ei kjempeoverrasking. Dessutan, og det er i alle fall for meg viktig å understreke, barsk humor har også fått plass. At eg har bestemt meg for å lese dei to første romanane til duoen Mostue og Brenna fortel vel også sitt.

MostueBrenna_OperasjonHydra.jpg