Vi møter sjetteklassingen Jarle idet han blir presentert for den nye klassen i Oslo. Han har budd eit år i Stavanger, og vi forstår at det i løpet av stavangeropphaldet har hendt noko alvorleg – direkte knytt til Snorre. Han var kjærasten til mora – og ein naturfaglærar Jarle var svært glad i. Kva dette uhyggelege er skal eg ikkje røpe, men forfattaren porsjonerer opplysningane ut gjennom dei 160 sidene – og 53 stutte kapitla boka inneheld. Den einaste Geir får kontakt i Oslo er Trygve, ein snåling som er oppteken av spiritisme. Jarle har ei kjensle av at nokon følgjer etter han: på loftet, i skogen, i kjellarstova – overalt. Snorre? – som han føler at han har svikta? Så sviktar han også Trygve, og tilværet blir endå vanskelegare. Mora og den nye kjærasten hennar, Steinar, er ikkje til noka hjelp, snare tvert om.

Boka er til tider spennande. Språket flyt lett, men manglar originalitet: «Men han er helt alene, og det kjennes som et eller annet uhyggelig er i ferd med å skje, noe kan bryte løs hvert sekund». Eg synst heller ikkje 12-åringane er heilt truverdige når dei snakkar om «ånder» og andre overnaturlege fenomen. Hovudpersonen, Jarle, blir ikkje ein levande 12-åring for meg. I det heile, personteikningane er ikkje gode nok, det smakar pappfigur av menneska vi møter. Med andre ord, gode tilløp, men heller ikkje stort meir, sjølv om oppklåringane mot slutten legg brikkene greitt på plass.