ROMAN

Forfatter: Lars Mytting

Forlag: Gyldendal

Løytnant Aksel Størmer kjem til Messingdalen etter å ha fått ansvaret for at ein soldat miste livet under ei militærøving. Det er tidleg vår, og omtrent samstundes med at Størmer kjem til den oppdikta bygda – ein stad i Gudbrandsdalen – slår vinteren tilbake. Det er kaldt til å vere mars/april, og mot dette isande kalde bakteppet vermessig teiknar forfattaren eit dystert bilde av menneska i bygdesamfunnet. Oppdraget til Størmer er å avvikle ein militærleir, men det kjem snart i bakgrunnen. Eit spesielt homofilt par og den notoriske bølla Cato er viktige aktørar, men det er 11-åringen Joanna – utan h – eit sterkt vanskjøtta barn som kjem til å oppta han mest. Faren, Iver frå storgarden Tallaksen, har vore leigesoldat, og har flippa heilt ut. Mora drikk, også ho manglar mykje på å vere ein god omsorgsperson. Joanna, som eigentleg har gode evner, knyter seg sterkare og sterkare opp til Størmer, som snart får vite at det ikkje vert nokon tiltale i samband med soldaten som døydde. Dermed får han beskjed om at han skal til Afghanistan i løpet av kort tid. Slik skal det ikkje gå. I bakgrunnen spøker også ein sterkt handikappa son. Den fargerike kvinnelege lensmannen, Esther Trøståker fungerer, i alle fall eit stykke på veg, som forfattarens «alter ego».

Debutromanen til Mytting frå 2006, Hestekrefter , skildra også eit bygdemiljø, men i den romanen var det masse humor og varme som var hovudinntrykket. Vårofferet teiknar eit heilt anna miljø: tittelen «Messingdalen» er velvald. Les gjerne; det er ikkje gull, alt som glimar. Ein nøkkel til å få tak i det eg vil kalla bodskapen, er tittelen. Kvar vår, påstår forfattaren, vart eit menneske i den heidne tida ofra for at våren, spiretida som enda i innhaustingstida, skulle vere varm og vellykka. «Ikke vet jeg når ofringa tok slutt, eller om den noen gang gjorde det,» kommenterer Esther Trøståker.

Vårofferet er ein spennande roman, stadvis på grensa til «action». Forfattaren har god greie på bilar, ikkje minst amerikanske store, bensinslukande uhyre som Buick frå 1950— og 1960-talet. Våpen, både sivile og militære har han også detaljkunnskap om. Men, boka er mykje meir. Kvifor handlar dei ulike personane som dei gjer? Dessutan, kva styrer vala våre? Ikkje minst hovudpersonen gjer – særleg mot slutten – ein del val som tvingar lesarane til å tenke seg om.

Lytelaus er ikkje boka. Etter mi meining vert enkelte dialogar for lange og utflytande, sjølv om Mytting nyttar dei til å skape truverdige personlegdomar. Litt «store» bokstavar blir det også iblant, forfattaren er ikkje redd for å ta sterkt i. Men dette er pirk, Vårofferet er ei sterk bygdeskildring.