BOK

Forfattar: Thorvald Steen

Forlag: Oktober

250 sider er ikkje nok når personane er så mangfaldige.

Med Robin Hood i bakhovudet begynte eg å lese boka om Richard I, oftast kalla Løvehjerte (1157-1199). Thorvald Steen følgjer det stormfulle livet hans i borgarkrigstidas England og på kontinentet. Frå midten av 1180-talet står det tredje korstoget for å erobre Jerusalem frå muslimane og leiaren deira, den segnomspunne Salahadin Ayyubi sentralt. Paven har valt han, og mor hans – 1100-talets mest spirituelle og mangfaldige kvinne, Eleanor av Akvitania – er overtydd om at han er valt av Gud sjølv til å ta Jerusalem frå dei vantru. Kampen mellom han og Salahadin Ayyubi, er limet som held romanen saman. Å hærsette Jerusalem greier aldri Richard I,

I sogene om Robin Hood blir Richard framstilt som ein OK kar. Steen fortel om ein ekstremt brutal fyrste, ein fanatisk jøde— og arabarhatar, ein naiv konge – og ein stor hærførar som ikkje kan flykte frå mytane om seg sjølv.

Løvehjerte er ikkje ein dårleg historisk roman, men med det persongalleriet forfattaren presenterer, blir boka etter mi meining for snau. Ein mann som i tenåra slost på slagmarka mot faren sin, som tidvis var greve av Normandie, Aquitaine og Gascogne osv. – i møte med Salahadin, grunnleggaren av Ayyubide-dynastiet og legendarisk, muslimsk militær strateg – boka til Thorvald Steen viser at 250 sider ikkje er nok når personane er så mangfaldige. Synd, for Thorvald Steen har tidlegare vist at han kan betre.