Hovudpersonen i denne ungdomsromanen er Martin, 17 år, og hemningslaust forelska i Vera, eitt år eldre enn han. Han er sentral i skabandet «Skabb», seinare «The Skaletones», har nettopp flutt til Oslo sentrum saman med pappa, som no er vaktmeister, men har bakgrunn som musikar. Han har to draumar: å slå gjennom med bandet, og vinne sjølve prinsessa, Vera. Mamma døydde av kreft for mange år sidan, seinare har pappa hatt lite med det andre kjønn å gjere. No møter han Live ( legg merke til namnet! ), og musikaren vaknar opp att i han. I bakgrunnen ligg Finkenhagen og vaker, han er vel nærast eit slags manager for ein del band, og han kan mykje om det lokale musikklivet i Oslo frå 60-talet og frametter.Stort meir skal det ikkje her seiast om handlinga, men den tidlegare rockemusikaren Sverre Knudsen (The Aller Værste, Løver & Tigre og andre), som også har sju ungdomsbøker på samvitet, har skrive ein forfriskande, kjapp og god ungdomsroman. Det er fascinerande å følgje den vilt forelska 17-åringen gjennom Oslo sentrum, i parkar og på kafear — og gjennom diverse kule samlingsstader for ungdom. Sverre Knudsen kjenner Oslo ut og inn, og sjølv som 48-åring har han tydelegvis innsikt i det som skjer på musikkfronten.Stor litteratur er ikkje bøkene til Sverre Knudsen, heller ikkje denne romanen, men det er ekte. Forfattaren tek både fjortisar og førtisar på alvor, og då vert gjerne resultatet godt. Boka er med dette anbefalt!Bjarne TveitenBOKForfattar: Sverre Knudsen:Tittel: RYTMISK FORENINGUngdomsromanForlag: Aschehoug