Herman Willis:

Kiliasme

Roman

Aschehoug

Steffen har bakgrunn som marknadskonsulent, men opererer no som mislykka, svolten og pengelens poet. Når det nærmar seg tusenårsskiftet, får han eit par spesielle jobbtilbod. Poeten seier rett nok at, sjølv om det er snakk om ein god del pengar, kjem det ikkje på tale å gjere noko ulovleg. Her og no skal eg ikkje gå nærare inn på prosjekt M, men det har å gjere med dommedagsprofetiar. Det er til dømes tale om Falun Gong, Soltempelordenen, Jehovas Vitne, reinhekla satanistar og så vidare. Utan særlege moralske skruplar utnyttar hovudpersonen Steffen dei urasjonelle kjenslene hos enkelte menneske i samband med overgangen til år 2000. Herman Willis, eigentleg Ole Fyhn (45), har som musikar, journalist og forfattar i enkelte krinsar fått eit slags kultstatus. I "Doldis" (1997) hamra han laus på diverse delar av fjernsynsjournalistikken, og sjølv om han brukte svært store bokstavar, sette han sentrale og negative utviklingstendensar i fokus. Med "Kiliasme", som kan omsettast med tusenårsskiftet, har forfattaren gått "rett i baret" for å seie det slik. Sjølv om han skriv om ein "poet", står dei journalistiske flosklane i kø, og då hjelper det lite at han har nytta ein god del tid på å studere "tusenårsskiftetullingane". Som lesar greier eg ikkje å skille mellom ironi og alvor. At Aschehoug har teke på seg å gjeve ut boka, skjønar eg ikkje. Bjarne Tveiten