Bjørn Skogmo:

Han byttet meg bort med en Studebaker

Tekster

Kolon

Bjørn Skogmo er 51 år gamal. Ein godt vaksen debutant, altså. Debutboka hans, som forlaget kallar "Prosa", kan vi med litt godvilje seie at fyller 60 sider. Men då må det leggjast til at mange av sidene er halve eller mindre. Prisen er 188 kroner, altså over 3 kroner pr side. Samanlikna med dei fleste bøker som kjem ut i Noreg, er dette ein stiv pris. Boka til debutanten er verdt kvar krone! Dette er kresen skrivekunst, og ikkje berre for lesarar med arbeidsplassadresse på eitt eller anna universitet. Under 3 hovudoverskrifter, "Han byttet meg bort med en Studebaker", "Kort besøk" og "Ut", presenterer Skogmo oss for 44 korte tekster. Forlaget skriv at boka er "prosa", men nokre av tekstene vil eg kalla dikt. Dei fleste av dei andre tekstene vil eg kalle prosalyriske. Tekstene kan handle om influensa eller utsikt til sjøen, om oppvask eller Afrika — dei har alle det til felles at dei på ein måte handlar om noko kvardagsleg. For ikkje å seie noko banalt. Dessutan ligg lun humor bak heile vegen. Mange debutantar har lært i meste laget av ein eller annan forfattar. Eg finn ingen når det gjeld Skogmo. Han er noko så sjeldan som ein avansert litterær handverkar som gjev ein god dag i alle sjangeromsyn, ein forfattar som lever opp til eit gamalt munnhell i Øvre Setesdal: "Det å seie ei grei meining med få ord, det var hægdi". Bjarne Tveiten