Levi Henriksen held fram med å skildre livet i den oppdikta bygda Skogly, ikkje svært langt frå Kongsvinger. I Bare mjuke pakker under treet fungerer julehøgtida som ein dominerande, raud tråd, to andre er kjærleiken mellom mann og kvinne, og forholdet foreldre og barn. I tittelforteljinga, kanskje alt i alt den beste av dei 12 som til saman fyller på lag 200 sider, er eg-personen ein nyskilt mann som saknar barna sine. På ein heilt spesiell måte greier han å rappe julenissejobben frå den nye kjærasten til ekskona. Skildringa av varmen han opplever i stova, ein varme som ikkje er tiltenkt han, er kanskje over grensa til det sentimentale. Forteljingane om ein kvinneleg juletreseljar som bed ein alkoholikar inn i campingvogna si, og fotballspelaren som vender heim for å døy, dei ligg og i grenseland til det same. Det gjeld forresten fleire av forteljingane også. Verken klisjear eller flosklar vantar heller. Fleirtalet av historiene har mannleg forteljar / hovudperson. Dei fleste av dei står for meg fram som gjennommaskuline. Kanskje er dei også på grensa til å bli banale?

Så får dei vere det! Meg trefte i alle fall desse novellene. Eg veit ikkje kvifor Gyldendal — eller forfattaren sjølv - insisterer på at det er tale om forteljingar. For meg er det snakk om noveller, til og med gode noveller om kvardagsmenneske i notid og fortid.

Bjarne Tveiten

BOK

Bare mjuke pakker under treet

Forfattar: Levi Henriksen:

Forteljingar

Forlag: Gyldendal