Forfattar: Kristin Marie Berstad

Forlag: Tiden

Maria har fått rollen som Julie i balletten «Romeo og Julie» på Den Norske Opera. Ho er gift med Stig som har ein godt betalt, men ikkje spennande jobb. Slik forfattaren let Maria skildre ektemannen, er han ein grei, men ikkje sterk kar. Han skjønar ikkje ballettdansaren – kunstnaren – Marie. Ein italienar, Antonio, skal danse Tybald. Maria nøler ikkje, ho sørgjer for at ho blir elskarinna hans. Vi følgjer førebuingane til premieren – det er ein av dei mange raude trådane i denne vesle romanen på berre 130 sider. Ein annan tråd er korleis ekteskapet med Stig forvitrar. Andre trådar er den ekstreme omsynsløysa til Maria, dei store ambisjonane – og det enorme egoet hennar. Stig har fått ei kone han ikkje fortener, tenker ho – og oppfører seg deretter. Hovudpersonen har enkelte psykopatiske trekk – det er ikkje ho som fer gale, men alle andre. Når Stig svarar på utruskapen hennar med å forføre ei vaniljeluktande dame, blir ho rasande og slår. Utan at det vert direkte uttala; ho føler det er ok at ho – den sterke og vakre – er utru, men ikkje stakkaren Stig.

Kropp og sex pregar denne boka. Maria er nesten konstant seksuelt skrubbsvolten, og tek for seg saman med ektemannen Stig, elskaren Antonio – og andre når det høver seg slik. Raske sceneskifte erstattar dramatiske vendepunkt. Eg let meg imponere av den unge forfattaren (fødd 1982) – sjølv om eg kanskje synst det vert i meste laget med sex.