Knut Lindh:

Blomster og blod

Ungdomsroman

Pantagruel

Klassen til Håkon, hovudpersonen, får ny klassestyrar hausten 1999. Han heiter Olav Langeland og skal ha klassen i norsk og historie, dei to viktigaste faga, påstår han. Den første dagen introduserer han eit kjempeprosjekt elevane skal arbeide med dei 2 siste timane kvar fredag: "Det 20. århundret: Min familie. Mitt land. Min verden". Oldemora til Håkon, Josefine Caroline, er like gamal som hundreåret. Utetter hausten fortel ho om familien sin og om livet sitt som journalist. Åtte kassar med biblar og fire terningar står sentralt i ein familieløyndom eg ikkje skal seie meir om. Langeland og Oldemor gjev saman Håkon eit bilde av hundreåret vårt. Inn i rammeforteljinga har forfattaren dessutan plassert Maud, jenta han blir forelska i. Forfattaren er journalist, har gode historiske kunnskapar, vil vere pedagog — og kan sitt grunnleggjande, litterære handverk. På 380 sider får lesaren eit visst innsyn i norsk historie frå dei eldste tider og fram til 1900, og eit godt innsyn i norsk historie på 1900-talet - oldemor har til dømes møtt Sigrid Undset, Fritjof Nansen og andre sentrale personar på 1900-talet. "Blomster og blod" er god journalistikk, brukbar pedagogikk, men verkeleg litteratur er ikkje boka. Allusjonane er påtrengjande (Håkon og Maud til dømes), og elles vert det meir journalistikk enn eigentleg litteratur. Dessverre. Bjarne Tveiten