Aase Foss Abrahamsen:

Fjerde symfoni

Ungdomsroman

Gyldendal Tiden Aase Foss Abrahamsen har sidan debuten i 1971 med "Håkon slalåmkjører" skrive 20-30 bøker for barn og ungdom. Forlaget presenterer "Fjerde symfoni" også som ein ungdomsroman. Det er viktigaste innvendinga eg har mot boka. "Fjerde symfoni" er ei varm, var og vakker skildring av korleis ei litt spesiell jente på 19, Benedikte, hamnar i ei djup personleg krise. 19 år gamal har Benedikte aldri hatt ein verkeleg kjærast, noko som uroar båe foreldra. Også på anna vis har ho eit vanskeleg forhold til foreldra, og særleg til faren. Sjølv om dei i hennar augo er gamle, viser dei at dei både er glade i kvarandre, og at dei har eit aktivt seksualliv. Heilt sidan ho var lita og krabba opp i senga til foreldra har Benedikte kjent eit agg til faren fordi ho synst han tek mamma frå henne. Litt lettare blir det når Benedikte får ein kjærast, Dag. Dei har det godt saman, også seksuelt, men Dag finn ein annan. Då stenger ho for alle kjensler, det held på å gå svært gale. "Fjerde symfoni" er godt, litterært handverk av ein forfattar med stor psykologisk innsikt. Aase Foss Abrahamsen skriv engasjert og medrivande, men når forlaget skriv at målgruppa er ungdom på 15 år og oppover, er eg berre halvvegs samd. Eg ville heller seie frå og med vidaregåande skule. Til slutt; dette er ei bok som passar svært godt til skulebruk! Bjarne Tveiten