Gunvor Andbo Nygaard:

Det hendte ingenting

Noveller for ungdom

Gyldendal Tiden "Det hendte ingenting" er ei novellesamling for ungdom. 15 noveller er det blitt plass til på 130 sider, dei fleste på mellom 7 og 10 sider. Det er noveller om ungdom — og for ungdom frå 12-13 år og oppover. Sentrale tema er kjærleik og forelsking, redsel for det ukjende, mobbing, det skræmande med å falle utanfor. Det mystiske er også forfattaren innom i eit par av novellene. Eg er ikkje i stand til å finne nokon annan fellesnemnar for novellene enn at dei handlar om å vere ung og søkjande i eit moderne samfunn der det er raskt å falle utanfor. Eg synst novellene er ujamne. Mellom dei beste nemner eg "Rotte-Lars" som fortel korleis ein ung gut går i hundane på grunn av omsorgssvikt. Ei rotte er einaste venen hans, og då faren drep henne, søkjer han trøyst i sniffekluten. Tittelnovella, "Det hendte ingenting", fortel på ein fin og innsiktsfull måte om lesbisk kjærleikssvik. Den beste er likevel, etter mi meining, "Ikke min skyld", ei forteljing som fortel om ekstrem mobbing. Det kan vere svært vanskeleg å ikkje "passe inn". Til slutt, fleire av novellene i denne samlinga vil høve til skulebruk, særleg i ungdomsskulen. Dei fleste er vinkla ganske klårt mot eitt eller eit par sentrale tema, og kan vere utgangspunkt for samtalar om korleis det no eigentleg er å vere ung i Noreg anno 1999. Bjarne Tveiten