Hovudpersonen i denne ungdomsromanen heiter Harald, er ungdomsskuleelev, bur i ei vestlandsbygd, spelar handball, er kasserar for laget — alt i alt ein vanleg norsk gut. Normalt er det også at dei erotiske kjenslene herjar i kroppen hans. Ho som vekker desse kjenslene er Ingeliv, norsklæraren hans, og det skaper sjølvsagt vanskar. Han skal skrive ei større prosjektoppgåve, og vel å gjere det om oldefaren sin. Ein respektert kar, men når Harald kjem til botnar i soga, viser det seg at han nok hadde sine svin på skogen, han og. Utan å røpe for mykje, kasserarjobben tuklar han også til.Det er likevel dei vanskelege, erotiske kjenslene som herjar gutekroppen, som ber denne boka. Forfattaren er 84 år gamal, og skriv så friskt og innsiktsfullt om det å vakne erotisk, at det berre er å gje seg over. Endå ein gong lar kvinnebeundraren Heggland det såkalla svake kjønn vere det sterke. Norsklæraren Ingeliv, styrer innsiktsfullt og klokt i alle situasjonar, og Lisbet, bestemora hans, er akkurat så ukonvensjonell, livsfrisk og trygg at ho nok - tenkjer eg - er plassert inn i romanen som talerøyr for forfattaren, i alle fall langt på veg.Ungdomsroman? Ja, det og, men kanskje er dette aller mest ein roman om å vere gut i tenåra - for vaksne, som har gløymt korleis det var. Det forunderlege er ein roman eg utan atterhald anbefalar alle å lese, unge som vaksne.Bjarne TveitenBokJohannes Heggland:Det forunderlegeEide forlag