— Eg tykkjer politisk litteratur ofte er dårleg. Det fungerar oftast betre å fremme politiske saker på kronikkplass, seier Agnes Ravatn.

Ho har nett lese frå boka «Fugletribunalet» på Norsk Forfattersentrum sin Lyrisk Tapas på Håndverkeren. No travar ho gjennom hopen som held på å samle seg på Øvre Torv for å markere 8. mars. Agnes Ravatn skal rekke ein buss.

Dei siste åra har ho vore ei stigande stjerne i det ein kan kalla «det nasjonale kommentariatet», med skarpe og vittige kronikkar så vel i Dag og Tid som i Dagbladet. Førre månad fekk ho dessutan P2-lyttarane sin romanpris for andreromanen «Fugletribunalet».

— Det er ikkje ofte ei bok får meg til å ropa og bli så engasjert at eg må legge ho bort ei stund. Her er det skrekkfilmaktige brudd, sa bokbadar Kristin Øygarden då ho skulle intervjue Ravatn framfor 40-50 bokinteresserte.

Skriving som laboratorium

Då hadde forfattaren lese opp eit fortetta kapittel frå boka. Romanen handlar om Allis som kjem som hushjelp og gartner hos ein mann ein stad på Vestlandet. Boka handlar om det tettet spelet mellom dei to.

— Eg ser på skrivinga som eit laboratorium. Du plasserer to personar saman og undersøkjer korleis dei reagerer under press, fortalde Ravatn.

— Denne boka er ikkje akkurat ei 8. mars-bok. Her er ein stor, sterk, mystisk og vakker mann som handsamar Allis som ein tenar, og likevel innleier dei eit forhold. Korleis kan du i 2013 levere frå deg ei slik bok? spurde Øygarden,

— Det er ikkje ei feministisk bok. Det er ein roman om eit fall, og boka viser kor lite som skal til før ein mister ryggrad og sjølvrespekt. Sjølvsagt er eg feminist. Men dette er ein deskriptiv roman som syner korleis det er for ho, og ikkje korleis eg skulle ønskje det var, forklarte Ravatn.

Ikkje stor kunst

Etterpå delte ho fleire tankar med Fædrelandsvennen:

— Å kjempe for politiske enkeltsaker egnar seg som regel dårleg i romanform, eller dikt. «Onkel Toms hytte» er eit unntak, sidan boka fekk slutt på slaveriet. Men stor kunst er det ikkje. Eg trur ein kronikk når og mobiliserer fleire menneske enn ein roman om reservasjonsrett, seier Ravatn.

— Den siste kronikken din i Dagbladet tek opp skjønnheitspress hos unge. Er dette det største likestillingsproblemet?

Tid framfor spegelen

— Perfeksjonspresset er eit alvorleg problem sjølv om det finst verre ting andre stader. Det er eit vanleg og ubrukeleg argument at ein ikkje skal bry seg om ditt fordi datt er verre. Men ingen vil påstå at det er for snevert å ta opp kampen mot mobbing så lenge det finst drap. Når det gjeld kvinnesak, er det likevel plutseleg så greitt å argumentere slik, seier Ravatn.

— Og dersom unge jenter må bruke ein time framfor spegelen, kan dei likevel nytte tida til å høyre på podcast om noko intelligent. Sjølv høyrde eg for nokre år sidan mykje på forelesingar om historie, psykologi og sosiologi medan eg likevel kasta vekk tid framfor spegelen, seier Ravatn.