9788252187182%20framside.jpg
fosse.jpg

«Eg er, trass alt , likevel både liberal sosialist, eller vestlandsanarkist, om du vil, og liberal katolikk, eller, om du vil, kristen mystikar», seier Jon Fosse om seg sjølv når det lange intervjuet med han i denne boka går mot ein ende. Skal nokre bøker kallast «trushistorie» så er dette ei av dei. Diktaren i «Grotten», Noregs æresbustad for ein fortent kunstnar, næraste nabo til Kongen, har opna opp sitt eige indre liv og gjeve oss andre løyve til å kikka inn. Eg har lese denne boka over lang tid. Eg måtte det. Når eg les bøker, plar eg ofte streke under setningar som står for meg som viktige. Denne boka kan eg ikkje låne ut til andre, ho er heilt tilgrisa av pennane mine. Når las eg sist ei bok som var så tvers igjennom spanande, om tru og tvil, om liv og verk, om Jesus og Gud, om Noregs for tida mest namngjetne forfattar og om alle oss andre.

Jon Fosse er kanskje mest kjend som dramatikar. Mindre kjend er han som alkoholikar. Men også det talar han ein god del om i denne boka. Og så mest av alt om det at han er kristen og katolikk. Eskild Skjeldal, intervjuaren, er sjølv katolikk, og det gjer samtalen særs innsiktsfull.

Eg veit eigentleg ikkje anna råd enn å seie: Les. Dette er ei bok så ufatteleg full av meining for alle som er noko opptatt av Gud og Jesus og det å tru og det å tvile. Fosse talar mykje om Heidegger og Wittgenstein, men ein treng ikkje vere filosofisk skolert for å skjøne denne boka.

«Eg er imot all bokstavleg lesing, både av Bibelen og av skjønnlitteratur. Ein må byrja der. Med bokstaven. Men om ein stoggar der, vert det berre sorga. Bokstaven drep, men ånda gjer levande, som det skrive står». Måtte alle som skriv lesarbrev til Fædrelandsvennen lese denne boka. Då var det mykje dårskap me slapp å lese.

Det er ein klok , ein vis, mann som fortel si trushistorie. Kvifor katolikk og ikkje lutheranar, fascinasjonen for kvekarane, tilhøvet mellom marxisme og kristendom, — alt dette blir omtalt slik at det gjeld einkvar lesar, anten ein er ateist, kristen eller agnostikar.