OPPLESING: Gjertrud Jynge las opp Jon Fosse sin nyskrivne prolog. Foto: Jon Anders Skau

KRISTIANSAND: — Eg har gledd meg lenge til denne opninga. Dette er noko som passar meg svært bra å gjere, seier kulturminster Hadia Tajik rett før ho skal til å opne Språkåret 2013 framfor kulturelite og ordførar i Kristiansand onsdag kveld.

Språkåret 2013 vert arrangert i høve 200-årsjubileet til Ivar Aasen sin fødsel, og 100-årsjubileet for starten av Det Norske Teatret.

Det var nett i Kristiansand Det Norske Teatret skipa den aller første offisielle framsyninga si, noko som gjekk føre seg i Det Dramatiske Selskab sin dengong nye teaterbygnad i Kvadraturen.

Salen lukta av knøost og lefse då eit landsens publikum såg Ivar Aasen sin "Ervingen" og Hulda Garborg sitt stykke "Rationelt Fjøsstell" framført av ni idealistiske skodespelarar. Til stades var også hoiande og pipande gymnasiastar frå Katedralskulen som tykte den språklege nyvinninga var i meste laget.

RASJONELT FJØSSTELL: Var namnet på ei av framsyningane til Det Norske Teatret i Kristiansand i 1913. Her syner Judy Karanja og Kadir Talabani eit utdrag frå stykket. Foto: Jon Anders Skau

Anti-nynorskrørslaMen bråket var for lite og inkje å rekna mot opptøyane i Kristiania i oktober same året. Den eine kvelden skal inntil 20.000 menneske ha vore på føtene for å stogge framveksten av eit mål mange såg som eit trugsmål.

Nynorsken vann likevel fram i slik grad at Hadia Tajik (fødd 1983) hadde det som hovudmål gjennom ni års grunnskule der ho vaks opp i Bjørheimsbygd som førstegenerasjons nordmann fødd av pakistanske foreldre. Berre sidan ho vart tilsett som kulturminister i september i fjor, har ho rukke å markera seg som ein av dei tydelegaste nynorskbrukarane i landet. Det ser ein til dømes på sosiale medier som twitter, og i haust heldt ho talen om Riket sin tilstand for Stortinget på nynorsk.

— Eg gjorde som så mange andre, og skifta til bokmål då eg var ferdig med grunnskulen utan å tenkje større over det. Men etter kvart kom eg fram til at vi som kan nynorsk har eit ansvar for å bruka det, seier Tajik.

Fornya press

Presset mot sidemålsopplæringa har vore fornya det siste året, mykje i høve framlegget til ny læreplan som Utdanningsdirektoratet sende ut til høyring i fjor. Her er mellom anna eksamen i sidemål på ungdomstrinnet teke vekk.

I mellomtida har utdanningsminister Kristin Halvorsen (SV) gjeve til kjenne at ho ikkje ønskjer at norske skuleelevar skal være like gode i nynorsk som i bokmål. Hadia Tajik vil ikkje seie for mykje om dette no.

— Det er utdanningsministeren som skal uttale seg om dette, men dette snakkar vi sjølvsagt om internt i regjeringa, seier kulturministeren.

(Les meir under bilete)

INTERESSE: Mykje fintfolk hadde kome for å få med seg festframsyninga. Foto: Jon Anders Skau

Erotikk på nynorskHo var tydelegare før ho fekk tildelt taburetten sin:

I ein Aftenposten-kronikk skriven i sommar gjekk stortingsrepresentant Tajik inn for at elevane skal ha ein del av eksamen på hovudmål og ein på sidemål.

— Men no er det som kan skje altså at sidemålseksamen ikkje overlever Språkåret 2013?

— Eg meiner det er viktig og bra at vi kan ha eit slikt ordskifte nettopp i Språkåret, seier kulturministeren.

For ikkje lenge sidan trekte ho mange nettklikk med å lesa opp ei nynorsk omsetjing av ein tekst av gangsterrapparen 50 Cent på P4. Dette kom av at erotikken i teksten vart enno dårlegare løynt når han kom på norsk.

Kulturministeren held fast på atdet er viktig å ha merksemd på moderne bruk av nynorsk:

— Skal ein fristeelevane til å lære meir nynorsk, må vi bort frå ideen om at nynorsk er nokoantikvarisk. Vi må syne at det er råd å vere moderne og morosam på nynorsk. Tatil dømes forfattarar som Are Kalvø og Lars Amund Vaage. Dei skrivspennande og morosamt på nynorsk, og i Vaage sitt høve jamvel også rørande,seier ho.

SPRÅKMEKTIG: Sylfest Lomheim minte om at Språkåret 2013 handlar om meir enn nynorsk. Her har han møtt Ellen Horn. Foto: Jon Anders Skau

200 nye morsmålEin av dei mest profilerte språk-kapasitetane i landet, Sylfest Lomheim, vaka også i foajeen før opninga. Den tidlegare leiaren av Norsk Språkråd meiner det er viktig å hugse at Språkåret 2013 handlar om meir enn berre nynorsk.

— Språkåret 2013 handlar om mangfald og toleranse, og det er viktig å hugse på at vi er eit heilt spesielt land i Europa og kanskje i verda når det gjeld språkleg mangfald og toleranse. Då tenkjer og særleg på dialektane, som er møtt med mykje større toleranse enn nynorsken, seier Lomheim.

— Men det vi har lett for å gløyme er at det er rundt 200 nye morsmål i Noreg no, og at 25 prosent av alle skulepliktige born i Oslo har eit anna morsmål enn norsk, seier Lomheim.