Med romanar som Seierherrene og Frost har Roy Jacobsen for lengst slege fast at han er ein av dei verkeleg gode forteljarane i nyare, norsk litteratur. Hoggerne er mindre i omfang, men — om muleg - endå eit hakk betre forteljekunst.

I botnen ligg ei konkret hending under vinterkrigen 1939-1940. Med den vesle byen Suomossalmi, på om lag 4000 innbyggarar, greidde ei lita gruppe finske soldatar, våpenteknisk, dårleg utstyrte, å stanse Raudearmeen frå å dele Finland i to. Dei greidde også nesten å smadre det raude armekorpset.

Dette er det historiske bakteppet Roy Jacobsen plasserer eg-personen, skrullingen Timmo, som nektar å la seg evakuere, midt oppi. Raudearmeen let han bli leiar av ei gruppe med ikkje stridsdyktige russarar, som har i oppgåve å hogge ved. Den finske vinteren kan vere frykteleg kald, og vinterdagane forfattaren fortel om i denne romanen, er ekstreme. Og - bakom syng granatnedslaga, krigen med alle sine redsler.

Kvinnene er nesten heilt fråverande. Likevel let forfattaren, slik eg les boka, det eg vil kalle tradisjonelle feminint sterke sider, som å sørgje for reinhald, varm mat og andre kvardagslege detaljar, bli ståande som ein del av forklåringa på at dei ikkje stridande stakkarane overlever - takka vere ein som i fredstid har stått fram som ei finsk utgåve av Mattis Tust (sett på spissen).

Det grunnleggande paradokset er sjølvsagt: Han er på sett og vis ein overløpar. Det er fienden sine ikkje stridsføre han tek vare på. Er han dermed ein svikar, ein quisling, slik mange finnar stemplar han?

Hoggerne er ein uvanleg samansett roman. Det er ein psykologisk utviklingsroman på eit nivå berre få norske forfattarar kan drøyme om å nå. Hovudpersonen Timmo er kanskje den viktigaste, men åleine er han ikkje. Den russiske tolken, fleire av hoggarvenene til Timmo, eg har berre eitt ord for kva eg meiner om skaparen av desse personlegdomane: Genialt.

Men, slutten blir for meg problematisk. Først i 1967 sluttar handlinga, og då har ein skrivefør teke over for Timmo. I samband med frigjeringa har Timmo «drite på drage» i fylla, og glide tilbake til landsbytullingrolla. Kanskje har forfattaren med dette litterære kunstgrepet, ønskt å sette innsatsen til Timmo i eit større perspektiv, men her synst eg det sviktar litt, forteljarteknisk.

Å gå i detaljar her, ville vere å røpe for mykje, men la meg seie det slik: stemma til - en eller annen som kunne skrive - synst eg luktar besservisser, eg trur ikkje heilt på vedkomande.

Sett under eitt er likevel konklusjonen klinkande klår: Roy Jacobsen er ein forteljar i særklasse. Hoggerne er ein roman det er lett å anbefale.

Bjarne Tveiten

BOK

Hoggerne

Forfattar: Roy Jacobsen

Roman

Forlag: Cappelen