Eg-personen Mariana går i 8. klasse på ein ungdomsskule der fleirtalet av elevane ikkje har etnisk norsk bakgrunn. Ho er forelska i ein tyrkisk gut, Mu2, og er ein nokså typisk fjortis: trassig, humørsjuk og grov i munnen. Heime er det litt utfordrande, storebror sit i fengsel og veslebror får utrivelege mareritt. Den chilenske faren har sete i fengsel i heimlandet før han kom til Noreg, og vi les mellom linjene at han har hatt det tøft. Litt kaotisk heime altså , og det svært spesielle språket, ein slags «kebabnorsk» — understrekar og forsterkar inntrykket av rot. «..mamma også sa: du må være forsiktig med å gre alle under en kam.»

Mariana kan skrive «Påskeferien gikk som skli på glatteste isen.» og «..gikk i verandaen.» Ordstillinga er altså spesiell, dessutan nyttar forfattaren ei rekke ord som kjem frå andre språk som til dømes persisk, arabisk, urdu, kurdisk og punjabi. Sjølv om eg bur i Bykle er det få av desse orda eg har problem med å skjøne.

Forlaget har gjeve boka sjangernemninga roman. Med litt godvilje er vel det greitt, men slik eg les boka, er det snarare tale om eit slags rapportsamling om det å vere multikulturell tenåring i Noreg anno 2015. Med ei jente på 14 år som eg-person må synsvinkelen spegle av interessene til ei jente først i tenåra. Det handlar mykje om forelsking, om klassevener og om dei mannlege medlemene av familien. Mora, som er etnisk norsk, er nesten fråverande. Mariana har det ikkje spesielt vanskeleg, ho har vener og veninner ho stiller opp for, men også medelevar ho held seg unna.

«Alle utlendinger har lukka gardiner» kan, i norsk samanheng, seiast å opne upløgd mark, ikkje minst språkleg. Ei heil bok om daglegliv for ein tenåring solid planta i forstaden Romsås har vi - så vidt eg veit - ikkje sett tidlegare. I Sverige kom «Ett øga røtt» (2003) av Jonas Hassen Khemiri (på norsk i 2005). Denne romanen vekte stor oppsikt. Det er naturleg å samanlikne Khemiris bok med Skarangers, men la meg understreke at hovudpersonen Halim i den svenske boka er meir mogen og politisk orientert enn Mariana. Alt i alt viser «Alle utlendinger har lukka gardiner» at den unge forfattaren har eit genuint litterært talent.