ROMAN

Forfattar: Tor Åge Bringsværd

Forlag: Cappelen Damm

Fabulerande eventyrreise med innlagt refs av notidsfenomen i typisk bringsværdinnpakning.

Rammeforteljinga startar med at Jeremias Ofelas blir sogen inn gjennom eit såkalla svart hol i ei bokhylle. Dermed startar ein fantastisk odyssé gjennom ulike verder og tider. Noko innhaldsresymé skal eg ikkje prøve meg på, men eg kan for eksempel nemne at Jeremias mellom anna er ku og katt i løpet av boka. Hunden Jensen – ein sentral figur i romanen – kan snakke. Saman med mennesket Hildur er Jeremias og Jensen utpeika til å redde verda. Science fiction handlar nesten alltid om kampen mellom det gode og det vonde, slik er det også med denne boka. Men ho er meir; ingen av dei tre veit korleis verda skal reddast – dermed er eventyret på plass. Og dyr spelar så sentrale roller at vi trygt kan kalle romanen ein fabel. Med tallause allusjonar til alt frå Bibelen til moderne fenomen, blir dei 300 sidene samfunnssatire med ironiske spark til mangt i vårt moderne samfunn. Til dømes bør det vere ei bok for både dyrevernarar, forkjemparar for eit fargerikt fellesskap og miljøvernarar. På botnen er dessutan dette ein hyllest til kjærleiken. Mykje å glede seg over altså, men innvendingar finst. Ei innstramming hadde – meiner eg – gjort godt. Dessutan, har vi ikkje lese – om ikkje det same tidlegare – så i alle fall noko som liknar hovudbodskapane i denne boka?