Klaus Hagerup:

Markus og den store fotballkjærligheten

Roman

Aschehoug Soga om Markus begynte i 1994, med "Markus og Diana", heldt fram i 1997 med "Markus og jentene" (vilt komisk , og blir (i alle fall inntil vidare) avslutta i år med "Markus og den store fotballkjærligheten". Tredje boka om Markus med brillene og pappa med endå større briller — og venen Sigmund, er av typen som forlenger livet - altså full av komikk. I første setninga i boka slår forfattaren fast at "Markus Simonsen var ingen sportsmann". I boka prøver Markus seg på diverse idrettar, med total mangel på suksess. Når det til slutt blir fotball, endrar ikkje det bildet. Snarare tvert imot. Markus er ingen idrettsmann. Han manglar alle føresetnader for å kunne bli det. Det visste mange av oss frå før. Klaus Hagerup er sjølvsagt også i denne boka ein godt røynd litterær handverkar, og har levert frå seg ei bok som held mål. Men - eg la frå meg "Markus og den store fotballkjærligheten" fleire gonger - utan at det kjendest vanskeleg. Markus fascinerer framleis, men på ingen måte som tidlegare, og særleg i bok nr 2. Eg trur kanskje at det først og fremst skuldast at Markus, alias "Marken", med all si hjelpeløyse, ikkje lenger greier å overraske meg. Gutar tidleg i tenåra er testosteronbomber. I "Markus og jentene" lo eg hemningslaust. No gliser eg litt, humrar. For Klaus Hagerup bør det kanskje vere eit varsko? Bjarne Tveiten