Eg-personen, rundt 17 år, opplever sin siste sommar heime, før han skal til Voss for å gå vidare på skule. Han har sommarjobb på eit stort verft — som plenklippar - sjølv om han har grasallergi. Som barn hadde han dødsangst, og har gått til psykolog, men den perioden er stort sett over. Jobben er keisam, han må bruke hjelm, og ta omsyn til allergien sin. Vi er på første delen av 1980-talet, og på Vestlandet. Eg-personen ser film, høyrer på musikk, skriv allslags lister - til dømes over plater - men framfor alt er han forelska i Hanne. Det er ei Bodil også, som han hamnar i graset med - og etterkvart ei Mette, men Hanne er den store draumen. Korleis få Hanne interessert? Det er spørsmålet som fyller dei keisame timane på grasklippartraktoren. At ho er veslesystera til bestevenen gjer det ikkje enklare. I helgene er det festing, øl og anna sterk drikke og. Eg-personen drikk seg, som mange gutar i den alderen, til mot, men han spør også seg sjølv kor lurt det er.

Tekstbitar av til dømes T-Bone Burnett, The Smiths og Jim Steinman fungerer som raud tråd i ein velskriven, ungdomsroman. Vi kjem nær eg-personen, som er breddfull av testosteron. Romanen boblar av humor også, ikkje minst i samband med at eg prøver ut grensene sine.

Plutselig skjøna eg alle songane er ein god ungdomsroman, også for vaksne.

Bjarne Tveiten

BOK

Plutselig skjøna eg alle songane

Forfattar: Tor Arve Røssland

Ungdomsroman

Forlag: Det Norske Samlaget

Eg-personen er breddfull av testosteron, og romanen boblar av humor.