Sverre Knudsen:

Kommer sjelden alene

Roman

Aschehoug 16-åringen Ståle finn mamma død bak disken i kaffebutikken, og verda går av hengslene. "Fatter var helt lost." Vener og kjende styrer unna, enkelte kondolerer.

Umder samlinga på "Menighetshuset" etter jordfestinga drikk han sherry, får med seg Anita (litt eldre enn han), og gjennomfører eit ståande samleie på orgelromet. Vidaregåande skule orkar han ikkje tanken på, i staden begynner han å arbeide i kaffebutikken. For å orke dagane begynner han å drikke. Verken i kolonialbutikkane eller på pubane har han problem med å få kjøpt øl. Ein boksopnar mamma ein gong kutta seg kraftig med, fungerer som ein raud tråd gjennom romanen, som endar optimistisk. "Kommer sjelden alene" er ein god roman, for ungdom og vaksne. På rundt 115 sider får Knudsen formidlar Knudsen, vart og sterkt, dei motstridande kjenslene til Ståle etter dødsfallet: hjelpeløysa, eit slags skam over å tenke på sex midt i sorga, redsla for alt som minner om mamma. Fordi han ikkje får høve til å arbeide med sorga, held det på å gå frykteleg gale. Romanen er dessutan språkleg spenstig. Råkande språklege bilde kjem ofte der lesaren minst ventar dei — og er gjerne prega av temmeleg svart humor. Til slutt: like før eg las denne boka, hadde eg lese "Mannen som ble edru" av same forfattaren. Den skuffa meg stort. Desto meir gledeleg at Knudsen med "Kommer sjelden alene" viser at kan. Bjarne Tveiten