Ari Behn:

Trist som faen

Fortellinger

Kolon

Ari Behn (27) kallar dei 15 tekstene i denne vel 90 sider store debutboka "fortellinger". Eg trur det ligg ein bodskap i denne sjangernemninga. Ei rekkje av tekstene kan trygt kallast noveller. I ein artikkel i "Dagbladet" i august i fjor, med tittelen "Om å rydde plass", skriv han: "Det fyller meg med undring at jevnaldrende diktere bekjenner seg til form og tekstur, at de krummer hendene rundt Ordet og streber etter å holde det fast i et ønske om å skape mesterverk av ingenting." I "Trist som faen" er det episke, forteljinga, det sentrale. Og fortel gjer Ari Behn slik at eg får bakoversveis! Stort sett er det mannfolk det er tale om, unge mannfolk frå vår eiga tid. Mange av dei er, rett ut sagt, drittsekkar. Den første av dei 15 forteljingane heiter "Slutt" (!), og handlar om ein skrupellaus biljardspelar. Den siste er tittelforteljinga, "Trist som faen", på vel ei side. Hovudpersonen fortel den ekstremt banale soga om han som tilfeldig møter henne, følgjer etter henne og tek henne ståande "...med tweedjakka på." Utan "mer drittpreik." Eit anna blinkskot er den to sider lange forteljinga om ein fotball— og fylletur til England og Old Trafford. Fotballfrelste fjols skrålar og syng - og spyr. Det heile blir skildra slik at du kjenner den sure spyeimen frå dei to boksidene! Ikkje alle er drittsekkar. Abrahamsen i "Det er meg de snakker om" er truckførar, men han lever vel eigentleg for fiskestonga. Mange menn gjer det. Andre lever for ski, og Ari Behn har lagt forteljinga si til eit alpinanlegg. Det er kan hende tilfeldig at ein av dei to venene vi møter i alpinanlegget, i heisen, har ein kjærast med namnet Karoline - men eg er slett ikkje sikker. Ho heitte Karoline, kona til Bjørnstjerne Bjørnson også, forteljaren av Guds nåde frå det førre hundreåret. Også Bjørnson var MANN på godt og vondt! Ari Behn oppfattar eg som ein debutant med eit program. Han vil fortelje. I ei rekkje tekster (noveller, artiklar og så vidare ) i blant anna "Vagant" og "Nye linjer 1998", har han signalisert svært tydeleg at han vil ha forteljinga tilbake i det norske, litterære bildet. Eg har av og til stilt kritiske spørsmål ved det dei unge, skuleflinke forfattarar med "skriveutdanningsbakgrunn" presterer. Det er så "rett" alt saman, men likevel så tomt, så prega av mangel på bodskap og handling. Behn demonstrerer i denne samlinga av forteljingar at han kan det litterære handverket. Men, mykje viktigare, han vil noko! På 1 side, på 2, 3 eller 5 sider presenterer han lesarane sine for det eg vil kalle eit episk skjelett dei kan bruke timar på. Mange timar. Norske småbyar, Las Vegas, Mbasah i Afrika; Ari Behn er ein reiseglad mann. Det er fantastisk spennande å følgje han! Eg heldt på å seie, dette er "F... så flott!" Bjarne Tveiten