Tenåringsjenta Connie bur i ein liten småby utanfor Oslo. Tidsmessig er vi på 1980-talet, og det eksisterer i dette småsamfunnet ein del reglar om korleis ei ungjente skal leve og stelle seg. Connie trassar dei fleste konvensjonane i nærmiljøet når ho forelskar seg i den ganske spesielle Ruben da Luz. Ho flytter inn i bubilen hans, og får ein son ho kallar Engel. Det blir nærast ei livsoppgåve å skjerme guten frå den tilpassinga samfunnet vil at han skal kvernast gjennom. Ettersom guten veks til, begynner ho å spørje seg sjølv om ho kanskje gjer noko gale mot han gjennom måten ho lar han vekse opp på. Eg skal ikkje fortelje meir om akkurat det. Retrospektivt får vi også etter kvart innsyn i familietilhøva til Connie. Forfattaren fører oss også inn i det ho kallar intime kvinnefellesskap, eit fenomen ho ikkje er særleg begeistra for. Dette temaet kjem stadig att, utan at eg synst forfattaren fortel meg noko nytt og vesentleg.Noko av det mest vellykka i boka er trådane tilbake til formødrene som verkeleg braut med god takt og tone når dei let seg leie av kjærleik og kjensler, ikkje av borgarskapet sine reglar til ei kvar tid. Den umogelege kjærleiken, det umogelege opprøret i historisk perspektiv — det har forfattaren lykkast i å kaste interessant lys over.Språkleg er det tilløp til gode ting, men det vert for ujamt. Når Sandberg prøver å vere original i bilde- og ordval, blir det ikkje alltid like bra. BOKForfattar: Kristin A. Sandberg:Tittel: AVALONRomanForlag: Aschehoug Bjarne Tveiten