Hovudpersonen, den namnlause, kvinnelege forfattaren på 53 år, er nyleg separert og bur saman med dei to tenåringsdøtrene sine. Ein maidag treffer ho plutseleg på ungdomskjærasten.Han kyste så himmelsk. Den søte musikken frå 37 år sidan oppstår på nytt — 53-åringen opplever ei intens, forelsking. Samtidig lærer vi å kjenne mor hennar, ei praktfull kvinne på 86 år, som likevel treng mykje hjelp. Den heftige forelskinga - og omsorga for 86-åringen - er det episk sentrale, men elles er Sommer 2005 ei bok med mange fasettar. Romanen handlar om kjærleik, om omsorgsevne, om erotisk begjær, om pliktkjensle og ansvar. Aller mest er forfattaren oppteken av det å vere nyforelska, 53-årig kvinne, som brått har oppdaga at tida har gått så ufatteleg raskt. Sinna spark til det offentlege Noreg som ikkje har ei eldreomsorg som fungerer, høyrer også med. Handlinga i rammeforteljinga varer frå mai til oktober, noko som sikkert er eit bevisst val av årstider.

Medvitne val er det også når vi ikkje kjem særleg nært inn på nokon av dei mannlege personane. Eg-personen, som har mange ytre fellestrekk med forfattaren, kjem vi tett innpå, og det er eit portrett eg trur på. Den gamle, pynteglade mora, som gjerne hadde sett dotter si som krimforfattar, er praktfull! Det er eit kvinneportrett teikna med kjærleik og respekt - og det er godt litterært handverk. Sommer 2005 er rett og slett ein sabla god roman.

Bjarne Tveiten

ROMAN

Sommer 2005

Forfattar: Tove Nilsen

Forlag: Oktober

Fint og vart om kvinneliv.