BOK

Forfattar: Ingrid Z. Aanestad

Forlag: Oktober

Forfattaren har eit breitt sett av litterære grep å spele på.

Eg-personen Selma er ei ung barnehagetilsett dame som bur saman med kjærasten, Vilde. Så flytter ei tredje jente inn, Ane. Både Selma og mor hennar blir urolege når den gamle bestemora får eit hjarteinfarkt og blir innlagt på sjukehus. Så forsvinn plutseleg mora, og Selma drar for å besøke henne. Ho er ikkje heime, men etter to-tre dagar dukkar det opp ei kvinne som har lova å vatne blomane, ta inn post osv. Møtet med henne blir raskt ganske spesielt.

Denne romanen – berre 140 sider – imponerer meg. Språket er poetisk og stramt. Ikkje eit unødvendig ord har snike seg inn. Likevel, eller kanskje derfor, gjer boka eit voldsamt inntrykk. Kommunikasjonen mellom kvinnene, mellom mor og dotter, bestemor og barnebarn, kjærastar – det gnistrar! Det handlar også mykje om val, om å reise eller bli, om å gje og ta. Dessutan får forfattaren sagt mykje mellom linjene – diskret hint som opnar for nye perspektiv. Bråe kast, plutselege og overraskande bilde høyrer også med, forfattaren har eit breitt sett av litterære grep å spele på. Den konkrete handlinga er svært enkel og sett utanfrå, heilt udramatisk. Dette er etter alt å døme villa av forfattaren. Eg meiner likevel at litt meir ytre spenning – som eg trur lett kunne skapast – ville ha gjort romanen endå eit hakk betre. Eg skundar meg å legge til, hovudinntrykket er at Ingrid Z. Aanestad har skrive ein svært god roman.