36-åringen Arne Lygre vekte på slutten av 1990-talet ei viss oppsikt med skodespela Mamma og meg og menn og Brått evig. Med novellesamlinga Tid inne debuterer han som prosaist. 23 tekster på 200 sider fortel at det er tale om korte tekster.

Eg nyttar nemninga tekster fordi eg ikkje meiner at alle tekstene er noveller. Men, før eg seier meir om det, nokre stikkord om samlinga. Dea er ein gjennomgangsfigur vi møter i fleire av tekstene. Det gjev Tid inne eit visst sykluspreg. Vi møter henne mellom anna (i «Omkull») når ho let som om ho er døv. Kan hende vil ho prøve å få kontakt med ein mann, men særleg interessert i han er ho ikkje.

Og dermed har eg kanskje nærma meg det eg oppfattar som noko sentralt i tekstene til Arne Lygre: Menneske som nærmar seg kvarandre på ulike måtar. Dea er ein mangesidig person, men i alle fall er ho på jakt etter den eine utgåva av henne sjølv som ho gjerne vil vere.

Ein del av tekstene i denne samlinga er noveller (til dømes «Omkull» «Skjult mamma», «Dur»), men fleirtalet av tekstene smakar ikkje så lite av skriveøvingar. På den andre sida, språkleg er forfattaren svært spenstig og spennande.

Arne Lygre er eit litterært kjempetalent. Særleg Mamma meg og menn smakar det verkeleg fugl av. Meistarkloa er ikkje vanskeleg å sjå også i denne tekstsamlinga. Men — Tid inne er rett og slett ikkje nok gjennomarbeidd.

Bjarne Tveiten

BOK

Tid inne

Forfattar: Arne Lygre

Tekster/noveller

Forlag: Aschehoug