Den første delen av denne romanen er lagd til 1943. Motstandmannen Georg Falkenberg avrettar, kaldt, kynisk og lojalt, nazisympatisøren Magne Myren. Son hans, Jan Myren, er alt ein dyktig teiknar, og han blir etterkvart ein kjend kunstmålar. Georg Falkenberg blir ein stadig mektigare industrileiar, som gong etter gong sett frå kapitalen sin synsvinkel, tar dei økonomisk rette avgjerdene. Men drep drapet i 1943 noko grunnleggande menneskeleg hos han?

Andre delen er lagd til 1963, tredje delen til 1983, og den fjerde og siste delen, til 1993. Slik blir denne romanen også einslags gjennomgang av norsk etterkrigssoge. Det smakar fugl av mykje i denne romanen. Men — og det skal strekast under - Det første arbeidet er først og fremst ein roman som handlar om moral, og grunnleggande, etiske spørsmål: Om å ta liv. Om å ta livsgrunnlaget frå menneske. Om å la kapitalkreftene styre eller ikkje styre, dei etiske vala til enkeltmenneske.

Etikk har stått sentralt i forfattarskapen til Kiøsterud, like sidan debuten som 20-åring i 1973. Språkleg medvit og nitid presisjon har også vore mellom det som har kjenneteikna bøkene hans. Det første arbeidet er ikkje noko unntak. Tvert imot, det handlar om rett og urett, om moral og mangel på moral. Kiøsterud har skrive ein god og viktig roman i desse unionsnedleggingstidene.

Bjarne Tveiten

BOK

Det første arbeidet

Forfattar: Erland Kiøsterud

Roman

Forlag: Oktober