Den namnlause eg-personen sit ein eller annan stad i Noreg og prøver stort sett å ikkje gjere noko som helst, bortsett frå å røyke, høyre radio og sjå fjernsyn. Han har mist kjærasten — og grepet om livet. I eit hus der månadsgamal oppvask og anna griseri stinkar, pleiar eg minna.

Sterke minne. Om ein tyrannisk far. Om eit kjærleiksforholdet der den elska ein dag berre forsvann med ein liten bag i handa. Dei erotiske minna er til tider ekstreme, seksualskildringane smakar nokre gonger sterkt av sadomasochisme.

På same måten som eksistensen til eg er kaotisk, er minna usamanhengande og uavklåra. Sagt på ein annan måte, minna og draumane vert sausa saman med tv-kikking, røyking og lytting på radio. Framstillinga er dunkel, av og til dramatisk - og heile tida beksvart. Starten på boka er typisk: En mann snakker om krigen, at det antagelig ikke blir noe av den nå heller, det er bare en ordkrig, men før eller senere vil den bryte ut, mener han, så er programmet over, det spilles musikk igjen. August.

Det er skuleflinkt, det smakar litt skrivekurs også, men mest fortel denne vesle boka (96 sider) om talent. Iblant glitrar dei litterære bilda og metaforane, særleg synst eg han greier å sette ord på sakn, på det å misse alt, inkludert styringa av eige liv. Ikkje berre ord, men ord og uttrykk som blir fantasieggjande metaforar.

Bjarne Tveiten

Å miste grepet om livet

BOK

Kommandolinjer

Forfattar: Vidar Sundstøl

Roman

Tiden Norsk Forlag