BOK

Bergskatt

Forfattar: Toril Brekke:

Roman

Forlag: Aschehoug

Toril Brekke, 54 år gamal, har med romanen Bergskatt skrive noko så spesielt som ein såkalla faction-roman om eit gruveselskap som i dag er eitt av våre største konsern, nemleg Orkla. Modellen er i og for seg kjend, mot eit bakteppe med historiske personar og hendingar, bygger forfattaren opp ei sjølvkonstruert historie. Forresten tar delar av denne historia sitt utgangspunkt i eldgamle segner som framleis lever i ubroten tradisjon i Meldal.

Det høyrer her med å minne om at det var Jens P. Heyerdahl — sentral leiar i Orkla gjennom svært mange år - som for tre år sidan oppmoda Toril Brekke om å skrive episk om Løkken Verks og Orklas historie. Er så dette ei bok som er skriven av ein tidlegare AKP-ml-ar som eit oppdrag? Eg kan heller ikkje la vere å nemne at Toril Brekke i dag er medlem av Arbeidarpartiet - akkurat som Jens P. Heyerdahl. Personleg vel eg å godta det ho sjølv har sagt, nemleg at ho ikkje ser på det som eit oppdrag, og at ho likevel sa ja til å skrive denne romanen etter at ho hadde tenkt seg godt om.

Mykje skal eg ikkje seie om den konkrete handlinga, men det begynner med to brør, Arendt og Lars, som finn koparen. Vidare diktar Toril Brekke inn ei kvinne, Dordi, som er dotter til den rett ut sagt stygge Ingeleiv og John Hearst. Det siste namnet fortel at forfattaren trekker inn utlendingar frå ymse land, og det raude, spesielle håret til iren blir eit slags sentral, raud tråd gjennom romanen. Vi følgjer denne oppdikta familien like fram til i dag, gjennom slektsledd etter slektsledd. For underteikna er det eit stort pluss at det er dei eldste slektsledda - på 1600-, 1700-, og 1800-talet - som blir grundigast skildra. Kjærleik, hat, sjalusi - grenselaus fattigdom, håp, vonløyse, sott og sjukdom - enorme skilnader mellom rik og fattig, klasseskilnader: Toril Brekke har fått med seg det heile. Den oppdikta slektssoga vil eg ikkje seie så mykje om, då øydelegg eg fort spenninga. Men det er godt diktarhandverk - etter mi meining. Iblant vert det nok litt mykje harelabb, og det var vel ikkje anna å vente. Å skildre 350 år på 400 sider er ikkje enkelt.

Men - ho får fint fram konfliktane mellom dei - i hermeteikn - gamaldagse og stadbundne bøndene og gruvearbeidarane som kom utanfrå. Toril Brekke legg ikkje skjul på at det er store skilnader på kapitalistane som i tur og orden satsar på Orkla: dei grådige, som er ute etter rask profitt - og dei langsiktige, som i alle fall eit stykke på veg har omtanke for fotfolket som slit og strevar.

Så kan vi sjølvsagt tenke vårt når finansmannen Wallenberg - stort sett - blir positivt teikna. Endå meir kan vi kanskje tenke vårt når partikollegaen hennar, Jens P. Heyerdahl, stort sett får + i margen, medan finansmannen Sveaas - som, forsiktig sagt, hadde lite til overs for Heyerdahl - stort sett får minus i margen.

Men, skitt au - Toril Brekstad har skrive ein god, mangesidig roman - som eg anbefalar!

Bjarne Tveiten