KRISTIANSAND: — Det er ikkje eit historiespel. Men forteljinga om «The Maid of Norway» har historiske røter, mellom anna til Bergen og Håkonshallen, der operaen blir urframført den fjerde april. Håkonshallen er ein perfekt stad, for truleg stod bryllaupet mellom Margrete Alexandersdotter og kong Eirik Magnusson - foreldra til The Maid of Norway - her for 700 år sidan, fortel Paal-Helge Haugen.The Maid of Norway var dotter til kong Eirik Magnusson som regjerte frå 1280 til 1299. Ho er omtalt i fleire balladar på andre sida av Nordsjøen. Tett opp til vår eiga tid finst ho i balladar på Færøyane. Johannes Skard har påvist restar av dette stoffet i Setesdal.- Handlinga går frå 1280 til 1301, men det er inga kronologisk handling i operaen. Det er heller ikkje ein opera med ein hovudperson, snarare ei utbreidd historie med ei mengd ulike personar i ulike sosiale samanhengar. Ein av desse personane er Kong Eirik.Forteljingene om Margrete er veldig symboltunge. Dei handlar om barnet som blir ofra for den vaksne verda av griskheit og maktbegjær. Kampen om makt mellom kyrkja og makthavarane er og sentral. Det var ei rottehol av ei tid.I folkefantasien blei ho til eit uttrykk for at folket sjølv var såra. Vi har eit moderne parallell-eksempel i Prinsesse Diana som også på mange vis blei gjort til symbol for det som er gjort gale med oss, seier Haugen.Han og komponist Kjell Habbestad hadde lenge hatt lyst til å lage opera på dette stoffet.- Så kom telefonen frå Bergen for to år sidan: Vil de gjere ein heilaftans opera for Kulturby Bergen 2000 og BIT 20-ensemblet? Det varte ikkje to minuttar før vi var i telefonen til kvarandre og sa at dette var bestillinga på The Maid of Norway.Vi har prøvd å få til litt av den same naiviteten i forteljemåten som du ser i gamle kyrkjemåleri. Modellen er på eit vis kaleidoskopet, og det har noe med mellomalderens måte å vere på og tenkje på, før individualiseringa si tid. Du er den du er i andres augo. Det er min identitet. Kroppen var ikkje ein privatisert kropp. Du hadde ikkje ein kropp, du var ein kropp. Det var heller ikkje dei vanntette skott som vi har i europeisk borgarlegheit, det fromme og det blasfemiske kunne eksistere samstundes, like som ømheit og brutalitet fanst side om side.Dette fører til at vi tar heilt ut både det brutale og det ømme, det burleske og det tragiske. I noen scenar snur vi verda på hovduet, som i den karnevalistiske tradisjonen - ein tradisjon vi kjenner for lite til her i nord. Du kunne fornærme makta, dei kåra eit esel til biskop, dei kunne brenne eselmøkk i røykelseskar i kyrkja, eller dei bar jomfru Maria halvnaken inn i kyrkja. Det var sterke sosiale markørar i dette. Når hadde ein elles sjansen til å parodiere makta i all offentlegheit, spør Haugen.I operaen finst det, i tillegg til dei meir eller mindre historiske personane, ei rad figurar som passar i dette mønsteret: Dårar, englar og demonar, Kahron, Døden, Maria Møy, Dåreprinsen, Skarprettaren - og Folk i Bergen!- Musikalsk sett er dette ikkje ein «opera-opera», meir ein type musikkteater, seier Haugen. - Å løyse dette kompositorisk er ei svær oppgåve. På eit eller anna vis må jo middelalderimitasjonen vere eit element i det heile, og Habbestad har trekt ut tonemateriale frå to kjelder, ei vise frå Færoyane og sangen til bryllaupet i 1281, Carmen Gratulatorium - det eldste stykket verdslig musikk i Noreg. Delar av musikken er 12-tonebasert, men elles er musikken veldig fri. Her dukkar det opp ein ragtime, og eit fragment av Bergens-sangen til dømes. Musikken er prega av å vere skriven for BIT 20. Også musikken har plass for alt, både den store morskapen og det store alvoret, seier Haugen.