Novellesamlingane "Sprang" (2007) og "Ingen heime" (2009) hausta gode kritikkar. Barneboka "Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet" synst eg ikkje var spesielt vellykka, men den utruleg fine språkkjensla frå novellesamlingane, den var på plass. "Sofia" er første romanen til Sigrid Merethe Hanssen. Eg-personen reiser til ein gresk småby for å fullføre eit skriveprosjekt. Ei døvstum jente, Sofia, som arbeider på ein kafé, grip stadig sterkare fatt i Sofia, det er eitt eller anna som ikkje stemmer med jenta. Vi høyrer ingenting om fortida til hovudpersonen, men kanskje ligg det eit fluktmotiv ein stad? Det blir aldri skrive direkte, men kanskje Sofia er flyktning?

Det haustar, etter kvart blir det vinter, og turistane blir borte. Livet blir flokete, og den namnlause unge kvinna trekker seg inn i seg sjølv. Ein fugl i vindauga understrekar fluktmotivet. Stort meir skal eg ikkje seie om den konkrete handlinga, som forresten er litt stilleståande. Novelle, tenkte eg mens eg las, denne teksten smakar novelle.

Det som imponerer mest er språket. Det er presist, det er poetisk — går det an å seie at det er gjennomlyst? Det passar som hand i hanske til den både registrerande og flyktige teksten. Har ho potensiale til å bli ein like folkekjær diktar som far sin, Arvid Hanssen?