«Jeg er Sara. Jeg er 15 år. Dette er min forteljing. Jeg heiser flagget for alle oss jentene som har vært og er skikkelig sinte.» Slik sluttar kapittel 4 i denne boka, eit kapittel med tittelen: «Kjære leser: Hva redaktør Sara var og er.»Boka til Jon Ewo (42) har ikkje berre ein pussig tittel, oppdelinga i kapittel er også spesiell. Eg kunne ha sagt mykje om inndelinga, men eg lar det bli med dette: trass i tittelen og oppbygginga, boka er enkel — og eg håpar ho får mange lesarar.Vi møter hovudpersonen Sara når ho er 15 år gamal. Ho bur med faren, «Pappen», som driv eit hotell som ligg på ei øy. Sara har begynt å springe, trene. I nærleiken er det ein klosterruin der det går for seg utgravingar. Naomi, ein av arkeologane, har eit godt auga til «Pappen», sjølv om han er mykje eldre enn ho. Om ikkje så mykje, det handlar litt om spøkelse og. Bestevenninna heiter Clara, og i bakgrunnen - i alle fall til å begynne med - er det Antonio, som Sara nok eigentleg har eit godt auga til. Men, det er mor dette handlar om, fundamentalt, mor som ikkje er der, ei mor ho oppdagar at det verserer mange usanningar om, ei mor ho, på ei og same tid, lengtar sårt etter - og forbannar fordi ho ikkje har vore der.Jobben min er å tette hullene i tilværelsen er ein god ungdomsroman; om å finne seg sjølv, om å vinne over hindringar, om å våge å kaste seg ut i det ukjende.BOKForfattar: Jon EwoTittel: JOBBEN MIN ER Å TETTE HULLENE I TILVÆRELSENUngdomsromanForlag: OmnipaxBjarne Tveiten